Tilvising til Kronstad psykosepoliklinikk
Informasjon til tilvisande lege eller andre instansar:
Det er lege eller psykolog som må skrive tilvisinga, som bør innehalde følgande:
- Diagnose, sjukehistorie og eventuelle tilleggsopplysningar
- Tidlegare tiltak og behandlingsopplegg, samt erfaringar og resultat av desse
- Pasientens ressursar, målsettingar og ønske for vidare behandlingstilbod
- Kva tilvisar ønskar at FACT-teamet skal bidra med
Tilvisinga sendast til:
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Kronstad DPS
Kronstad psykosepoliklinikk
Postboks 1400
5021 Bergen
FACT-team
Psykosepoliklinikken er organisert i to team som skal arbeide etter FACT-modellen. FACT står for «Flexible Assertive Community Treatment», og kan omsettast til fleksibelt, aktivt og oppsøkande behandlingsteam.
FACT-modellen
FACT står for «Flexible Assertive Community Treatment», og kan omsettast til fleksibelt, aktivt og oppsøkande behandlingsteam.
Oppgåvene til dei to teama er å:
- Tilby poliklinisk og oppsøkande behandling og oppfølging
- Følge med på sjukdoms- og symptomutvikling
- Gi praktisk hjelp og rettleiing i kvardagen
- Arbeide med rehabilitering
- Støtte pasientens betringsprosessar
Behandlingstilbodet kan innehelde:
- Diagnostisk utgreiing og funksjonskartlegging
- Behandling med legemiddel
- Familiesamarbeid
- Kognitiv terapi
- Psykodynamisk psykoterapi
- Psykoedukasjon
- Oppsøkande eller poliklinisk tilbod etter behov
- IPS / oppfølging av jobbspesialist
Ansatte i teama
Dei to teama er tverrfagleg samansette med psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, ergoterapeutar og anna helse- og sosialfagleg personell.
Fleksibel og oppsøkande tilnærming
Undersøkingar har vist at ein stor del menneske med alvorlege psykiske lidingar i periodar treng meir intensiv behandling og tettare oppfølging enn det ein ordinær poliklinikk kan tilby.
Årsaker til dette kan vere endringar i livssituasjon eller behandlingsopplegg, redusert evne til å følge opp anbefalt behandling, endring eller oppblomstring av symptom, auka rusmisbruk eller andre påkjenningar.
FACT-modellen legg vekt på at teama i kritiske fasar skal kunne tilby tettare oppfølging for å førebygge kriser, hindre at pasienten må innleggast igjen, og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon. Når nokon har behov for tettare oppfølging, skal teama respondere raskt.
Kvart team skal mellom anna sørge for at:
- Psykiatar eller psykologspesialist vurderer pasienten innan kort tid, om nødvendig i heimen til pasienten
- Kriseplan blir oppdatert og sett i verk
- Om nødvendig vil alle i teamet vere involvert, for eksempel ved heimebesøk
- Behovet for andre tenester blir vurdert
Etter at situasjonen har stabilisert seg, tar teamet saman avgjerda om å redusere kontaktintensiteten og overføre ansvaret for vidare oppfølging og behandling til primærbehandlar i FACT-teamet.
FACT-modellen legg vekt på kontinuitet i behandlinga, og at pasientane skal kunne få oppfølging over lang tid om dei treng det. Behandlingstilbodet er individuelt tilrettelagt med vekt på fleksibilitet. Oppsøkande verksemd, det vil seie at pasientane skal kunne få hjelp der han / ho bur eller oppheld seg, står sentralt i modellen.
Modellen krev også tett samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, sosialtenesta og andre offentlege instansar.
Målgruppe for FACT-teama
Personar over 18 år som har ein psykoseliding innan schizofrenispekteret (jf. ICD-10: F20-29), eventuelt indikasjonar på at ein slik diagnose kan føreligge.
Behandling
Vi har både poliklinisk og oppsøkande behandling og oppfølging av pasientar.
I kritiske fasar vil teama kunne tilby tettare oppfølging for å kunne førebygge kriser, hindre at pasienten må innleggast igjen, og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon. Behandlingstilbodet er individuelt tilrettelagt, og pasienten skal få hjelp der han / ho bur.