Behandling og fagpersonar
Under pasientens opphald jobbar vi for betring, og eigenaktivitet, brukarmedverknad og meistring er ein viktig del av behandlinga.
Faggruppa ved seksjonen består av psykiater, psykolog, lege i spesialisering, sjukepleiarar, vernepleiarar, psykiatriske hjelpepleiarar, sosionom og fysioterapeut.
Individuell behandlingsplan
Pasienten vil under opphaldet hos oss vere knytt til eit team og få ein hovudbehandlar og to miljøkontaktar.
I samarbeid med pasienten blir det utarbeidd ein individuell behandlingsplan med mål for opphaldet. Behandlinga skjer vanlegvis som ein kombinasjon av samtalar, aktivitet og samarbeid med andre instansar.
Samarbeid med andre
Vi samarbeider med Psykosepoliklinikken ved Kronstad DPS som jobbar etter FACT-modellen, samt Seksjon for psykose dagbehandling og kommunehelsetenesta.
Vi tilbyr mellom anna:
- Brukarmedverknad
- Samtalar
- Medikamentell behandling
- Miljøterapi
- Undervisning
- Fysisk aktivitet på huset og i kommunen
- Samarbeid med pårørande
- Bildeterapi
- Musikkterapi