HELSENORGE

Kronstad psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk

Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk er ein seksjon i Kronstad DPS, under fagområdet psykose.

Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk blei oppretta i 2011 for å gi eit dag- og gruppebasert tilbod til personar med psykose. Frå hausten 2014 er tilbodet spissa mot unge nysjuke i aldersgruppa 18 til 30 år med psykosesjukdom.

 
Behandlingstilbodet er basert på perspektivet Recovery og eit overordna mål er å hjelpe menneske til å realisere sitt eige potensiale med omsyn til tilfriskning.  Med strukturert og individualisert behandling arbeider ein også for å auke evna til å meistre eige liv.

 
Vi ser på det som naudsynt at pasienten er delaktig i planlegging og utforming av si eiga behandling. Det blir arbeidd med dette i tverrfaglege team. I prosessen legg vi vekt på personens erfaringskunnskap.
Fann du det du leita etter?