Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Den nasjonale OCD-studien

Informasjon til deltakarar

Her finn du informasjon om deltaking og kva du kan forvente undervegs i studien.

Unge mennesker ser på ei bok. Foto

Når vi no er på jakt etter å utvikle nye behandlingstilbod til dei hardast ramma OCD-pasientane, vil dette også få stor verdi for pasientar med andre angstlidingar.

Alle pasientar som deltar vil motta fire dagars behandling i kombinasjon med studielegemiddel. I alt 160 pasientar kan få delta. Ved å vere med i studien vil du ikkje berre kunne få god hjelp sjølv, men også vere med på å gi håp til andre i same situasjon.

I kva grad D-cykloserin (DCS) gir ein ekstra stabilisering av effekten, vil framtida vise - og bidraget ditt er avgjerande for om ein vil kunne tilråde kombinasjonen av ERP og DCS.

Godkjenning
Studien er godkjent av Regional etisk komité (REK) og Statens legemiddelverk (SLV).

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Før studien begynner er det viktig å fylle​ ut spørjeskjema via ​​CheckWare, ein nettbasert side for registrering av data. Brukarrettleiing og informasjon o​m korleis du registrerer data vil bli gitt i forkant av stud​ien.​​​​​​​

Deltaking i studien inneber ein kombinasjon av 4-dagars ​behandling og D-cykloserin eller placebo. Dette er den første studien der dette blir​​​ ​systematisk undersøkt hos dei pasientane som kanskje treng det mest, nemleg dei som allereie har prøvd eksponeringsbehandling, men som har fått tilbakefall eller ikkje har oppnådd ønskt effekt. ​

Psykologisk beh​​andling
Alle pasientar som deltek i den nasjonale studien får behandling med ERP i eit 4-dagars format. Dette har​​ vist seg å gj​e svært gode resultat, ​​​​​óg for dei som har fått OCD-behandling tidlegare.​ Vi kallar ofte​ tilnærminga individuell og skreddarsydd behandling i eit gruppeformat. I løpet av fire påfølgjande dagar får du hjelp og assistanse  til å oppsøkje det som vekkjer angst og ubehag, og til å lære nye måter å handtere dei vonde og vanskelege kjenslene​. Formatet har vis​t seg å gje ​​​svært gode endringar i løpet av kort tid.

Kva er D-Cy​closeri​n?
D-cykloserin (DCS) er det som vert kalla ein NMDA-reseptoragonist. NMDA-reseptorane i amygdala er naudsynt for å få til ein ekstinksjon eller gjenlæring. Gjennom å stimulere desse reseptorane undersøkjer ein om effekten av eksponeringsbehandling kan ytererligere stabiliserast. Enkelt sagt er ein ute etter å gje ERP-behandliga ein  drahjelp.

Når får eg stu​​​​​​di​elegem​iddelet?
Studielegemiddelet skal berre takast dei to dagane som du jobbar aktivt med den assisterte eksponeringsbehandlinga. Deltakarane loddtrekkjast til å anten få 250 mg DCS , 100 mg DCS eller  placebo. Verken du eller behandlar veit kva du får. ​​​​

Oppfølgin​​g etter behandling
Etter dei 4 dagane med behandling vil du dagleg registrere tvang i CheckWare i totalt 3 veker, og ei veke etter behandling vil vi ringje deg og høyre korleis det går. Etter 3 månader møter du til ein individuell oppfølgingssamtale. Etter 1 år og 5 år vil du på ny bli oppringt og bedd om å fylle ut dei same spørjeskjema. ​

Kristin Odfjell leiar teamet som står for alt det praktiske. Teamet vil sørgje for at du får informasjon, gruppetider og legge tilrette for at du f​år svart på alle spørjeskjema og gjennomført intervjua som d​​u skal vera med på som ein del av studien. ​
Portrett Kristin Odfjell. Foto

 

OCD-teama ved følgjande helseføretak deltar i studien:

  • ​​​​​​​​Akershus Universitetssykehus
  • Helse Bergen
  • Helse Fonna 
  • Helse Førde
  • Helse Møre og Romsdal
  • Helse Nord-Trøndelag
  • Helse Stavanger
  • Oslo Universitessykehus
  • St. Olavs Hospital 
  • Sykehuset Innlandet 
  • Sykehuset Telemark
  • Sykehuset i Vestfold
  • Sykehuset Østfold 
  • Universitetssykehuset Nord-Norge
  • Vestre Viken

For å sikre at vi får undersøkt nytteverdien på ein påliteleg måte, er det sett saman eit team som har ansvar for denne delen av prosjektet:

En mann som smiler til kameraet
​Kristen Hagen
Teamleiar og psykolog
En mann som smiler til kameraet
​Audun Havnen
Psykolog
En kvinne som smiler til kameraet
​Solvei Harri Skjold
Psykolog
En kvinne som smiler til kameraet
​Maren Aagaard Sjøøsten
Psykolog
En mann med lukkede øyne
​Hans Hansen
Psykolog
En mann som smiler til kameraet
​Håvard Berg Opstad
Psykolog
En mann som smiler til kameraet
​Håkon Nordahl
Psykologstudent

Den nasjonale OCD-studien

Håp til dei som treng det mest, når det gjeld som mest. Det beste innan psykologi kombinert med det mest lovande innan farmakologisk behandling. Her presenterer vi den største pågåande nasjonale behandlingsstudien innan psykisk helse.
Meir om den nasjonale OCD-studien
En person med håret som blåser i vinden

Behandling ved tvangslidingar

Du må bestemme deg på førehand. Inga behandling hjelper om du ikkje sjølv tar eit val om å ville bli kvitt lidinga. Det må vere plass i livet ditt. Skal behandlinga hjelpe, må den føregå på riktig måte og i riktig dosering.
Les meir om kva behandlinga går ut på
En gruppe stoler rundt et bord
Sist oppdatert 13.10.2022