For dei fleste som blir ramma av alvorleg angst eller tvangsliding (OCD) er konsekvensane svært alvorlege, og Verdas helseorganisasjon (WHO) har anslått at OCD åleine er blant dei 10 viktigaste årsakene til at folk blir uføre.
OCD er kjenneteikna ved påtrengjande tankar og bilde som vekkjer ubehag, og som pasienten forsøker å dempe gjennom å utføre tvangshandlingar.
Rammar tidleg
Tidlegare trudde ein at dette var ein sjeldan liding, men no veit vi at ho rammar 1-2% av befolkninga. Ho rammar i tillegg tidleg. Meir enn 50% er ramma før fylte 18 år, og minst 75% før fylte 25 år.
Lidinga har lite spontanbetring og skal vi klare å utvikle nye behandlingar til denne hardt ramma pasientgruppa, er vi avhengig av forsking.
Dette fordi dei fleste blir ramma i ung alder, dei ramma opplever stort funksjonstap og fordi lidinga som regel held fram livet ut om ein ikkje har tilgang til verksam behandling.
Gjennom etablerte behandlingsmetodar er det vist at rundt 60-70% av dei som er ramma kan oppnå betydeleg og varig betring. Dette inneber at 30-40% ikkje oppnår dette. Ein ny studie gir no håp til dei som ikkje har oppnådd betring gjennom dagens metodar, eller har opplevd eit tilbakefall.
Stor etterspurnad etter firedagarsformatet
I studien får alle pasientar tilbod om systematisk og terapeutassistert eksponeringsterapi i eit firedagarsformat utvikla ved OCD-teamet i Helse Bergen, der heile behandlinga blir gjort i løpet av berre fire påfølgande dagar.
Meir enn 350 pasientar har til no fått behandling med firedagarsformatet, og resultata er svært lovande. OCD-teamet i Helse Bergen får dagleg førespurnadar frå pasientar over heile landet som ønsker tilnærminga, også frå Danmark og Sverige.
Les meir om studien?
Meir informasjon om studien
Bakgrunn
Studien starta i januar 2016. Behandlarteamet i Bergen har gitt opplæring i 4-dagars formatet til ei rekkje andre terapeutar, og deltek sjølv i alle behandlingsgruppene. Førebels har det blitt inkludert pasientar frå Oslo, Kristiansand, Trondheim, Bærum, Telemark, Bergen og Møre og Romsdal. Pasientane er svært nøgde - og står i kø for å vere med.
Internasjonalt er studien eineståande og gjort mogleg fordi Noreg som første land i verda har gjennomført eit nasjonalt løft for å sikre at alle skal ha tilgang til kvalitetssikra behandling. Dette inneber at det er etablert 30 spesialiserte OCD-team som tilbyr det som i dag er den mest effektive behandlingsmetoden. Gjennom desse teama er det mogleg å rekruttera ei stor mengd pasientar som har fått tilbod om og gjennomført behandling, men som ikkje har komme i mål.
Studien blir finansiert av Noregs Forskingsråd og blei prioritert av alle regionale helseføretak over det som vert kalla Nasjonale Satsinger (NASATS).
Studien blir leia frå Helse Bergen. Samarbeidspartnarar er Oslo universitetssykehus, Sørlandet sykehus, St. Olavs Hospital og Sjukehuset i Møre og Romsdal.
Det er internasjonalt stor interesse for arbeidet, og parallelt med behandlingsstudien blir det gjennomført studiar knytte til hjerneavbilding (fMRI) og genetikk, i samarbeid med leiande ekspertar.
Hjelp for den som treng det mest - når det gjeld som mest
Gjennom basalforsking veit vi at både når vi lærer å bli redd for noko, og når vi blir trygge igjen, er det avgjerande at reseptorar (NMDA) i eit område i hjernen som heiter amygdala, fungerer optimalt.
Om desse cellene blir sette ut av spel, vil det ikkje bli etablert ei endring, og viss NMDA-reseptorane får «eit puff» vil endringa sitja.
Ein låg dose av medikamentet D-Cykloserine (DCS) aukar aktiviteten i desse reseptorane, og bidreg til at ei etablert endring blir stabilisert.
Sidan den psykologiske behandlinga i seg sjølv gir betring for dei fleste, vil drahjelpa berre vere viktig for dei som treng det mest – når det gjeld som mest.
I studien undersøker vi om pasientar som ikkje har hatt nytte av behandlinga, eller som har fått tilbakefall, kan få hjelp av dette medikamentet når fastlåste mønster skal bli snudde.
I studien blir pasientane tilfeldig fordelt til enten å ta imot dette medikamentet eller placebo. Føremålet er å forsterke og stabilisere effekten av læringa som skjer gjennom den psykologiske behandlinga. DCS er altså ikkje eit medikament pasientane skal bruke over tid; det blir berre gitt dei to dagane som er sette av til eksponeringstrening.
Noregs forskingsråd (NFR) om studien
«A project of very high international level and of great international interest.»
«The project is in the forefront of its field and will contribute to scientific innovation as well as generate important new knowledge.»
Kontaktinformasjon
Prosjektleiinga
Følgande fem helseføretak er prosjekteigarar i denne studien: Helse Bergen, Oslo universitetssykehus, St. Olavs Hospital, Sørlandet sykehus og Helse Møre og Romsdal.
Alle OCD-teama på vaksensida er samarbeidspartnarar, og interesserte pasientar kan ta kontakt med desse. Om du lurer på noko, kontakt gjerne prosjektleiar Gerd Kvale.
Oversikt over stadar der den nasjonale studien blir gjennomført og annen informasjon om studien
 | Gerd Kvale Hovudansvarleg, professor og psykologspesialist
gerd.kvale@helse-bergen.no Telefon 916 38 681 |
 |
Bjarne Hansen Nestleiar, psykologspesialist og førsteamanuensis
|
 | Anders Lund Ansvarleg for studiemedisinen, professor og psykiatar
|
Våre internasjonale samarbeidspartnarar
Studien blir gjennomført i samarbeid med dei fremste internasjonale forskingsmiljøa på feltet, og vil kunne vere av stor betydning for behandlinga av pasientar med andre angstlidingar.
|
Odile A. van den Heuvel Associate Professor Vrije Universiteit, Amsterdam An expert in the field of neuroimaging in OCD and leads the international OCD Brain Imaging Consortium (OBIC) and the worldwide ENIGMA-OCD working group |
|
Jonathan S. Abramowitz Professor University of North Carolina, Chapel Hill The editor in Chief of the OCD-specific journal JOCRD, expert in OCD anxiety and clinical psychology. |
|
Michael Davis Professor Emeritus Emory University, Atlanta Was the first researcher to describe the relationship between basic fear learning and NMDAreceptors/DCS. |
|
Joseph A. Himle Professor University of Michigan Has over the years contributed to Norwegian OCD research and is an expert in the treatment of anxiety and OCD. |
|
Lars-Göran Öst Professor emeritus Karolinska Institutet Has established one-session treatment paradigms for specific phobias, and is an expert on anxiety disorders. |
|
Michelle Craske Professor University of California, Los Angeles The editor in chief of Behaviour Research and Therapy and president of the Association for Behavioral and Cognitive Therapies and a leading expert in anxiety disorders. |
|
Martin E. Franklin Associate Professor University of Pennsylvania Has been principal investigator (PI) in large OCD multi-center studies on child and adolescent OCD. |
|
Jim Crowley Associate Professor University of North Carolina, Chapel Hill |
Vitenskapeleg råd (Scientific Advisory Board) i den nasjonale OCD-studien
 |
Ole Andreassen Professor Oslo universitetssykehus
|
 | Kitty Dahl Forskar / Seksjonsleiar RBUP Helse Øst
|
 | Gunnar Morken Professor St. Olavs Hospital
|
 |
Ketil Ødegaard Professor Haukeland universitetssjukehus
|
 |
Vegard Ø. Haaland Forskingsleiar Sørlandet sykehus
|
 |
Hans M. Nordahl Professor Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)
|
 |
Egil Martinsen Professor Oslo universitetssykehus
|
 |
Egil Olsen Brukarrepresentant
|
 |
Arne Strand Brukarrepresentant Leiar i Ananke
|
Nyttige lenker
Den norske OCD-foreningen Ananke
Om tvangslidingar - helsenorge.no
Nasjonal implementering av behandling for tvangslidelse
Eksterne nyhende om OCD-teamet