Informasjon til tilvisande lege eller psykolog
Tilvising til poliklinikk bør innehalde informasjon om følgjande:
- Aktuell problemstilling, sjukehistorie og eventuelle diagnosar.
- Somatisk status.
- Tidlegare behandling og tiltak, samt resultat av desse.
- Pasienten sine ressursar, mål og motivasjon for behandling.
- Informasjon om livssituasjon, familie, arbeid / skule mv.
Tilvisingar vert vurderte kvar veke. Skriftleg tilbakemelding til pasient og fastlege vert som hovudregel gitt innan 10 yrkedagar frå tilvisinga er motteken.
I vurdering av tilvisingar vert det alltid tatt omsyn til i kva grad det hastar og kor alvorleg situasjonen er for pasienten, - jfr Pasientforskriften.
Behandlingstilbod
Pasientar som vert vurderte til å ha «rett til nødvendig helsehjelp» i spesialisthelsetenesta, vert først kalla inn til vurdering. Etter vurderinga vert det avklart kva tilbod pasienten skal få vidare.
Ved poliklinikkane vert det gitt tilbod om medikamentell behandling og ulike samtaleterapiar, som psykodynamisk terapi, kognitiv åtferdsterapi samt spesialisert traumebehandling. Behandlinga vert gjennomført både individuelt og i grupper.
I behandlinga samarbeider ein ofte med fastlegar, NAV, kommunen sine avdelingar for psykisk helse, døgnseksjonar ved sjukehus og DPS, samt andre relevante instansar.
Vi ser på det å redusere symptom og lidingstrykk som viktige element i behandlinga. Målet er å betre pasienten sin funksjon slik at han/ho kan klare seg utan hjelp frå spesialisthelsetenesta.
Kompetanse
Poliklinikken har tverrfagleg bemanning. Her arbeider psykologspesialistar, psykologar, psykiatrar, psykiatriske sjukepleiarar, sosionom og legar i spesialisering.