Behandlingsteam
Vi er godt bemanna med kvalifiserte fagpersonar. Flinke, engasjerte ufaglærte og helsefagstudentar supplerer desse på helg og ved sjukdom.
Kvar pasient får frå første dag eit behandlande team som består av ein behandlar (lege / psykolog / spesialist) og 2-3 miljøpersonale (hovudsakleg sjukepleiar / vernepleiar). Ved seksjonen er det og sosionom og fysioterapeut som kan koblast på teamet ved behov. Det er ikkje berre behandlaren, men heile teamet som utgjer det behandlande elementet hos oss.
Behandlingsplan
I tillegg er vi svært opptekne av at kvar pasient ut ifrå sine føresetnadar skal spele ei så aktiv rolle som mogeleg i planlegging og gjennomføring av eigen behandling / tilfriskning.
Pasienten og teamet utarbeider ein behandlingsplan i løpet av dei første dagane av opphaldet, og her utarbeider vi også ein plan for utskriving.
Behandlingsaktivitetar under opphaldet
For nysjuke og ved behov vil det bli gitt utgreiing og diagnostisering av behandlar. Elles skjer alle behandlingssamtalar med behandlar og teammedlemar frå miljøpersonalet, eventuelt dagens kontakt når ingen av miljøterapeutane frå teamet er på arbeid. På kvart skift vil alle få ein eigen miljøkontakt som kan gi hjelp og støtte.
Ein viktig del av behandlinga skjer i grupper. Vi har samtalegruppe, mindfulness, avspenning, undervisning om angst og depresjon og ulike tilbod om trening.
Vi legg vekt på fysisk aktivitet og god døgnrytme, og pasientane blir vekte til frukost. Ta gjerne med treningstøy og turtøy / sko. Permisjonar vil ofte vere ein viktig del av behandlinga.
Pårørande og besøk
Vi ser på pårørande som ein viktig ressurs og tar ofte kontakt for samtale. Pårørande er velkomne til å ta kontakt med oss. Vi tilbyr og samtalar med barn.