Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Divisjon psykisk helsevern

Forskingsgrupper og -prosjekt

Her finn du ei oversikt over forskingsprosjekt som er knytt til Forskingsavdelinga i Divisjon psykisk helsevern.

Forskarar frå Divisjon psykisk helsevern utmerkar seg både nasjonalt og internasjonalt, og har etterkvart ein stor vitskapsproduksjon. Publikasjonsoversikta er henta frå CRIStin og viser alle publikasjonar der Divisjon psykisk helsevern, Haukeland, er kreditert.

Forsking på stemningslidingar

ECT, eller elektrokonvulsiv behandling, er eit viktig behandlingsalternativ for pasientar med alvorleg depresjon. Den kliniske effekten er godt dokumentert, men vi treng meir kunnskap om korleis ECT verker på hjernen og kva som gjer at ECT hjelper mot depresjon.
Les meir om forskinga på effektar av ECT
ung gutt ser i kamera.foto

Forsking på psykisk helse og teknologi

I prosjektet INTROMAT vil ein gjennom forsking og innovasjon integrere psykologi og IKT for å skape eit betre helsetilbod til pasientar med psykiske lidingar.
Les meir om INTROMAT
grafisk illustrasjon intromat

Forsking på angst og tvangslidingar

OCD-teamet i Helse Bergen behandlar pasientar med tvangslidelse i Hordaland. Obsessive Compulsive Disorder (OCD), tvangsliding, er ei liding med tilbakevendande tvangstanker og / eller tvangshandlingar. Teamet er kjent for utviklinga av The Bergen 4-day Treatment (B4DT), Klinikk for 4-dagers behandling, også kjent som 4-dagers formatet for behandling av tvangsliding og andre angstlidingar.
Les meir om forskinga på OCD
bbybilde med lys.foto

Forsking på psykose

Det er fleire pågåande forskingsprosjekt på psykoselidingar i Bergen. Desse har som føremål å auke kunnskapen om, og betre behandlingstilbodet ved psykose.
Les meir om psykoseforsking og studiene
Silhuetter i profil med nettverkillustrasjon som hjerne. Grafikk

Forsking på psykiatrisk epidemiologi og helsetenesteforsking

Forskingsgruppa nyttar kliniske data og registerdata på regionalt og nasjonalt nivå til å undersøke uønskte konsekvensar av psykiske lidingar.
Les meir om forskinga
Illustrasjonfoto puslespillbiter
Sist oppdatert 24.04.2024