Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bjørgvin DPS poliklinikk, Tertnes

Poliklinisk behandling er behandling av pasientar som ikkje er innlagt. Bjørgvin DPS har tre poliklinikkar. Ein er lokalisert i Knarvik i Nordhordland og to på Tertnes i Åsane.

Utgreiing og behandling

Den første kontakten med psykisk helsevern er vanlegvis poliklinisk. Her vert det gjort undersøking og utredning, som er utgangspunkt for vidare behandling. Denne første undersøkinga vert vanlegvis utført i dei allmennpsykiatriske poliklinikkane på Tertnes eller i Knarvik.

Behandlinga er ulike former for samtaleterapi individuelt og / eller i grupper, medisinar, læring av mestringsstrategiar og andre kurstilbod for å auka forståinga av sjukdommen og finna løysingar som kan hjelpa den enkelte.

På Tertnes har vi også ein poliklinikk, Bjørgvin psykosepoliklinikk, spesielt for personar med psykoseliding. Her er fokuset meistring av lidinga med medisinsk behandling og kartlegging av behov for hjelp og støtte i kvardagen. Vi samarbeider tett med andre etatar, og freistar å få til ordningar med arbeid og utdanning, etablering i bustad og betre sosial fungering. I Nordhordland vert denne pasientgruppa ivareteken av eit eige team i den allmennpsykiatriske poliklinikken.

Poliklinikkane våre har tett samarbeid med sengepostane og kan ordna med innlegging dersom det skulle bli nødvendig.


 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:30 - 15:30
  • Tysdag 08:30 - 15:30
  • Onsdag 08:30 - 15:30
  • Torsdag 08:30 - 15:30
  • Fredag 08:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Bjørgvin DPS poliklinikk Tertnes Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bjørgvin DPS poliklinikk for allmennpsykiatri og rehabilitering på Tertnes har tre bygg. Poliklinikkane finn du i Bygg B.

Tertnesveien 37

Tertnesveien 37

Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

Prisar for parkering

Kvardager:
Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering).
Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt.
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

Laurdag og søndag: 
kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
(samanhengande parkering).

Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

Praktisk informasjon

​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Er du pasient?

Her finn du informasjon om kva du kan gjera for å førebu den fyrste samtalen, kva som skal skje under den fyrste samtalen og korleis behandlinga går for seg.
Informasjon til pasientar
Pasient og behandler. Illustrasjon

Er du pårørande?

Det kan vere utfordrande å vere pårørande til ein person med psykiske helseutfordringar. Her finn du informasjon retta både mot vaksne pårørande og barn som er pårørande.
Informasjon til pårørande
Pårørende og pasient sitter i sofa hos behandler. Illustrasjon

Hjelp deg sjølv i ventetida

Her finn du informasjon om vanlege psykiske vanskar, råd og resursar som kan vere til hjelp for deg og familien din.
Gode råd i ventetida
Illustrasjon av e-konsultasjon.