Tilvising av ortopediske blautvevslesjonar
Her finner du våre tilvisingsrutinar av ortopediske blautvevslesjonar.
Kva pasientar skal tilvisast?
- Radiologisk mistanke om bløtvevsarkom (MR)
- MR må tas på lokalsjukehus / institutt. Haukeland Universitetssjukehus har ikkje kapasitet til primærutgreiing på generell basis.
- Ultralydundersøking er som regel utilstrekkeleg som einaste bildemodalitet.
- Pasientar med blautvevssvulstar som ikkje er lipom skal visast til sarkomsenter og bilda vurderast der, uansett Mr-funn.
- Mistanke om tilbakefall av tidlegare behandla bløtvevsarkom
Kva svulstar bør greiast ut med MR?
- Alle djupe tumorar uansett størrelse (immobile mot kontrahert muskulatur).
- Alle subkutane tumorar > 5 cm.
- Alle malignitetssuspekte (rask vekst, residiv etter tidlegare kirurgi, uvanlege smerter).
Kva svulstar treng ein ikkje tilvisast / kan behandlast lokalt?
- MR verifiserte subkutane lipomer, uansett størrelse. Kan fjernast på lokalsjukehus/fastlege ved klinisk indikasjon.
- MR eller CT verifiserte, tilfeldig oppdaga eller asymptomastiske, djupe lipomer – uavhengig av størrelse. Det er heller ikkje nødvendig med biopsi eller rutinekontrollar.
- Overflatiske svulstar under 5 cm og som ikkje er malignitetssuspekte kan enten observerast eller fjernast på lokalsjukehus/hos fastlege.
- Vi anbefaler at ein visar stor aktsemd ved kirurgisk fjerning av svulstar i lyske, knehase, ankel og fot, armhole, olboge og hand (i praksis betyr dette nærleik til kar/nervar). I desse lokalisasjonane bør ein vere liberale med Mr-undersøkingar sjølv om svulsten er mindre enn 5 cm. Årsaken er at ein evt. reeksisjon kan bli mykje meir komplisert eller gi større funksjonstap enn nødvendig.
Kva bør tilvisinga innehalde?
- Kliniske opplysningar om symptom, varigheit og kliniske funn
- Radiologisk svarrapportar (Mr-beskriving, men røntgen og CT også vere relevant å vurdere, sjølv om dei er beskrivne negativt)
Bløtvevssulster hos barn
Alle blautvevssvulstar på trunkus og ekstremitetar (som ikkje openbert er reaktive lymfeknutar i samband med febersjukdom), skal visast til utgreiing ved ei barneavdeling, uavhengig av størrelse.
Sist oppdatert 17.02.2025