Sarkomsenteret

Sarkom er kreftsvulstar som oppstår i bein- eller blautvev (det vil seie bindevev, feittvev, musklar, sener og lignande). Førekomst av sarkom er sjeldan (mindre enn ein prosent av alle nye krefttilfelle). Nødvendig utgreiing og behandling blir utført av ei fleirfagleg spesialistgruppe i regi av Senter for bein- og blautvevssvulstar ved Haukeland universitetssjukehus. 

Sarkomsenteret ved Haukeland gir tilbod til pasientar med sarkomsvulstar frå heile landet, og har, saman med Radiumhospitalet, nasjonalt ansvar for kirurgi av beinsarkom. Både Kreftavdelinga og Ortopedisk avdeling deltar i drifta av senteret.

Les meir om Sarkomsenteret

Sarkomsenteret

Sarkomgruppa består av eit tverrfagleg team av spesialiserte onkologar (kreftlegar), ortopedar, radiologar, patologar, kirurgar frå ulike spesialfelt, barneonkologar, spesialsjukepleiarar, fysioterapeutar og koordinator.Alle tilvisingar der det blir stilt spørsmål om sarkom blir dagleg vurderte av lege tilknytt Sarkomgruppa. Tre dagar kvar veke har vi faste sarkommøte der vi går gjennom tilgjengeleg diagnostikk (radiologi, biopsisvar med meir). Alle aktuelle spesialistar og koordinator er til stades på desse møta. På desse fleirdisiplinære møta blir det skissert ein plan for vidare utgreiing og behandling.I tilfelle der det ikkje er nødvendig å iverksetje tiltak ved vårt sarkomsenter (mottatte røntgenbilde til konsultasjon), sender vi skriftleg råd til tilvisande lege. Ved hastetilvisingar organiserer koordinator ad hoc-møte mellom aktuelle legar.  

Gruppebilde av ansatte. Foto

Forsking og internasjonalt samarbeid

Sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus samarbeider tett med Skandinavisk Sarkomgruppe (SSG). SSG blei etablert i 1979 og vår målsetting er å bidra til forsking, samt harmonisere behandlinga av sarkom i dei skandinaviske landa.
Sidan 1986 har SSG samla inn data om sarkompasientar til eit skandinavisk kvalitetsregister som dannar grunnlag for både forsking og kvalitetssikring av behandlinga. Vidare samarbeider Sarkomsenteret med europeiske og nord-amerikanske sarkomorganisasjonar, både gjennom deltaking i kliniske studiar og ved kompetanseutvikling i form av internasjonale kurs og møte.

Sarkomgruppa

Sarkomgruppa ved Haukeland universitetssjukehus er eit tverrfagleg team som består av av onkologar, radiologar, patologar, ortopedar, kirurgar, spesialsjukepleiarar og koordinator.

Medlem i Sarkomgruppa


Leiar Clement S. Trovik, professor dr. med

Ortopedar
Clement Trovik, Overlege 
Anders Sund, Overlege
Kathrin Pulverer, Lege i spesialisering

Onkologar
Odd Monge, Overlege
Dorota Goplen, PhD ,Overlege
Nina Jebsen, PhD ,Overlege
Anne Nadine Lorentzen, Kst overlege
Cornelia Schuster, Kst overlege
Irini Ktoridou-Valen, Kst overlege

Gastrokirurgar
Frank Pfeffer, PhD, Professor
Kjell Øvrebø, Phd, Overlege

Radiologar
Per Martin Kristoffersen, Seksjonsoverlege
Svein Halvorsen, Overlege
Nils Vetti, PhD, Overlge
Stig Jellestad, Overlege
Jenny Hild Aase Husby, PhD, Overlege.

Patologar
Hans Kristian Haugland ,PhD, Seksjonsoverlege
Ellen Berget, Overlege
Cecilie Askeland, Overlege

Einingsleiar/koordinator Anne-Lise Salbu
Koordinator Cathrine Larsen Sande

For faggrupper

Sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus deltar i nasjonale, skandinaviske og internasjonale protokollar som omfattar både basalforsking, kliniske utprøvingsstudiar og etablerte behandlingsprogram.
Pasientar som blir behandla ved Sarkomsenteret kan derfor bli spurde om å delta i forsking på frivillig basis. Dei fleste behandlingsprotokollar som sarkomsenteret følgjer, er baserte på eit breitt internasjonalt samarbeid mellom ulike sarkomorganisasjonar i vestlege land. For behandling av barn med sarkom gjeld særskilte studiar og retningslinjer.

Aktuelle behandlingsprotokollar/studiar ved sarkom er:
Blautvevssarkom
SSG XX (Adjuvant kjemoterapi og akselerert strålebehandling ved høgrisiko blautvevssarkom i ekstremitetar og kroppsvegg)
SSG XVII (Anbefalingar for diagnose og behandling av intraabdominale, retroperitoneale og uterine sarkom)
SSG XIX (Anbefalingar for behandling av metastatisk blautvevssarkom hos vaksne).
SSGXXII Tre versus fem år adjuvant imatinib ved høyrisiko resektabel GIST
ALTGIST, Alternerende imatinib (Glivec) og regorafenib (Stivarga) som 1. linje ved metastatisk GIST .
EpSSG RMS (Behandling av ikkje-metastatisk rhabdomyosarkom hos barn)
EpSSG RMS-MET (Behandling av metastatisk rhabdomyosarkom hos barn)
EpSSG NRSTS (Behandling av non-rhabdo blautvevssarkom hos barn)

Beinsarkom
Euramos 1 (Behandlingsprotokoll for resektable osteosarkom)
Euroboss (Optimalisering av behandling av beinsarkom hos pasientar over 40 år)
ISG/SSG III (Behandlingsprotokoll for ikkje-metastatisk Ewing’s sarkom)
ISG/SSG IV (Behandlingsprotokoll for høgrisiko Ewing’s sarkom)
rEECur Internasjonal randomisert kontrollert studie ved kjemoterapi ved tilbakefall eller primær behandlingssvikt ved Ewings sarkom.

Internasjonalt samarbeid
Sarkomsenteret ved Haukeland universitetssjukehus deltar i internasjonale studiar/behandlingsprotokollar (sjå over), og samarbeider tett med internasjonale sarkomorganisasjonar som EMSOS,  CTOS, EORTC, ISOLS gjennom forsking, kurs og møte.

Andre nettsider om sarkom

Kontakt

Oppmøtestad
Sentralblokka

Logg inn for å endre time

Telefon
55972822
Postadresse
Sarkomsenteret
Haukeland universitetssjukehus
Postboks 1400
5021 Bergen

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka (bildet), har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.


Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.


Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Sarkom, bein- og blautvevssvulstarhttps://helse-bergen.no/behandlinger/sarkom-bein-og-blautvevssvulstarSarkom, bein- og blautvevssvulstarSSarkomBen- og bløtvevskreftBen- og bløtvevskreftBen- og bløtvevskreft