Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

OT aust - traume, tetraplegi og overvåkning

OT aust er ein 5-døgnspost, open frå måndag til fredag. OT aust tek i mot pasientar frå dei andre ortopediske sengepostane og har eiga overvåkningseining og landsfunksjon for kirurgi for handgrep for pasientar med tetraplegi.

OT aust tek ofte imot planlagte pasientar som kjem til operasjon for dei andre ortopediske sengepostane. Pasientane blir så flytta til aktuell sengepost postoperativt.

På OT aust ligg også overvåkningseininga til ortopedisk avdeling, kalla OTO (ortopedisk overvåkning) der vi tek i mot pasientar direkte frå operasjon, enten frå sentraloperasjon eller dagkirurgi.

Ortopedisk avdeling har landsfunksjon for handkirurgi for pasientar med tetraplegi.  Ved å flytte på musklar og sener, og transplantere sener frå beina, kan pasientane få strekkevne i olbogen og handleddet, og eit aktivt eller passivt grep i handa.

OT aust er stengt alle helger og høgtider.

Det er ynskjeleg at ein har med minst mogleg kontantar og verdisaker ved innleggelse.

For detaljar rundt di diagnose, sjå lenger nede på sida under "Behandlinger"

Informasjon angåande transport, besøkstider og annan praktisk informasjon finn du også lenger nede på sida