Funksjonsforbetrande kirurgi tilbys pasientar med ryggmargsskade med hensikt å gje strekkeevne i olboge og eit funksjonelt grep i handa. Musklar, sener og nerver kan flyttast på for å erstatte tapt funksjon.
På Haukeland universitetssjukehus har vi eit tverrfagleg team, beståande av kirurgar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiarar og hjelpepleiar med spesialkompetanse på funksjonsforbetrande kirurgi. Vi samarbeider tett med dei regionale spinaleiningane i landet. Kvart halvår har vi poliklinikkar på spinaleiningane for å vurdere pasientar til operasjon, samt kontrollerer operasjonsresultat.
Rehabilitering etter operasjon er avgjerande for eit godt operasjonsresultat. Det er utarbeida standardiserte retningslinjer for rehabilitering som er felles for alle spinaleiningane i Noreg. Desse er utarbeida i tråd med dei Nordiske retningslinjene.
Tetra-teamet
Professor Leiv Hove, Ortopedisk avdeling (leiar)
Overlege Rakel Sif Gudmundsdottir, Ortopedisk avdeling
Overlege Eivind Strandenes, Avdeling for plastikkirurgi
Lege i spesialisering, Truls Rokne Hanestad, Ortopedisk avdeling
Spesialfysioterapeut Anett Myhre Skjoldmo, Fysioterapiavdelinga
Ergoterapeut Møyfrid Kalvenes, Ergoterapiavdelinga (permisjon 01.10.17)
Ergoterapeut Hege Kleiven Rynning, Ergoterapiavdelinga
Hjelpepleiar / koordinator Linda Jakobsen, Ortopedisk avdeling