Jobb på ortopedisk avdeling

Ortopedisk avdeling har eit bredt fagfelt som strekk seg frå store traumatiske skader, ortopediske infeksjonar til landsdekkande funksjon for funksjonsforbedrande kirurgi. Med fire seksjonar kan vi tilby varierte arbeidsoppgåver og pasientgrupper.

Ortopedisk avdeling er ei breidspekka avdeling med behandling av  pasientar i mange grupper; traumatologi, kreft i skjelett, protesekirurgi, ryggkirurgi og ortopediske infeksjonar. Vi har også mottak og behandling av pasientar med hoftebrudd. 

Vi har fokusområder vi jobbar med gjennom året, ut frå etterspurnad og sentrale føringar. Desse kan til dømes være ernæring, delir eller postoperativ smertelindring og anna.   

Fagleg utvikling 

løpet av året held vi temadag for alle tilsette, kor ein kan ønske seg tema ein vil ha mer informasjon om. Vi forsøker å skaffe fagpersonar med spisskompetanse som kan holde foredrag for oss. 

Vi har jevnleg 45 min. undervisning i tema tilsette ønsker seg. Vi ønsker og å legge tilrette for at tilsette får gå på kurs som ligg ute i Læringsportalen. 

Det er fleire verv i klinikken, smertekontakt, forflytningsveiledare, DHLR-instruktørar, barneansvarlige, kreftkontakt, ernæringskontakt, Tetrateam og anna. Det er dei tilsette som driv desse verva, og går på kurs for å oppdatere seg på ny informasjon. 

Mykje engasjement 

Av tilsette har vi alt frå 30 års erfaring, til nyutdanna, det er eit pulserande miljø med mykje engasjement og kompetanse. Vi er stolte over å ha mange mannlege sjukepleiarar i staben! 

Av aktiviteter å tilby har vi ei facebook-gruppe på tvers av seksjonane kor dei tilsette tar initiativ til sosiale samankomster utanfor jobb. 

Møt våre tilsette

Hanne Rogne Vinje (Sjukepleiar) 

hanne rogne vinje

Hanne Rogne Vinje

"Som nyutdanna er det godt å komme til eit inkluderande miljø, med høg kompetanse og lav terskel for å spørre om det ein er usikker på, både hos legar og sjukepleiarar. Bratt læringskurve med mange kjekke og spennende utfordringer. Vi har det gøy på jobb!" 

Gudrun Hope (Sjukepleiar) 

gudrun hope

Gudrun Hope

"Vi har varierande pasientgrupper, arbeidsoppgåver og prosedyrer, men bratt læringskurve Det er godt tverrfagleg samarbeid. Hos oss følg vi pasientane over ein lengre periode, og det er kjekt! Veldig gode kollegaer!"
Gudrun Hope (Sjukepleiar) 

Randi Kalsås (Sjukepleiar) 

Randi Kalsås

Randi Kalsås

"Vi får rom for fagleg utvikling, det er mykje tverrfagleg samarbeid. Vi har sykepleiere i alle aldre og begge kjønn, det er kjekt! Det er gøy å jobbe på en akuttpost, hvor ingen dag er like!"

Ingrid Müller Thomassen (Sjukepleiar) 

Ingrid Müller Thomassen

Ingrid Müller Thomassen

"Spennande og utfordrande arbeidsplass. Hektiske dagar med høgt tempo. Tett tverrfagleg samarbeid med mellom anna smerteklinikk, legar og fysioterapeutar. Aktivt og godt arbeidsmiljø".
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.