Ortopedisk avdeling
Informasjon til pasientar på sengepost
Her finn du nyttig informasjon for deg som er innlagt på Ortopedisk avdeling, post 2 vest - Seksjon for traumatologi.
Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har totalt 4 sengepostar. Post 2 vest har 20 sengeplassar og ein pleiegruppe på ca. 40 sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og assistentar.
Haukeland universitetssjukehus er både eit lokalsjukehus og eit regionsjukehus. Vi tar i mot pasientar med brotskadar og skadar på leddband, sener og musklar frå Bergen og omegn. Vi tar òg i mot pasientar med kompliserte brot og komplikasjonar etter behandling frå heile Vestlandet.
Til oss kjem både pasientar som blir lagt inn akutt og pasientar som er søkt inn til planlagde operasjonar. Ved stor pågang av øyeblikkeleg hjelp-pasientar, eller om det kjem inn hardt skada pasientar kan det hende du må vente lenger på operasjon.
Vi samarbeider også med Voss sjukehus og Haraldsplass diakonale, og pasientar kan bli overflytta hit for operasjon ved stor pågang av øyeblikkeleg hjelp-pasientar på Haukeland.
Måndag – fredag kl. 09.00-11.00
Laurdag – søndag kl. 10.00-12.00
Legane gjer visitt mellom operasjonar, og tidene kan avvike.
Måndag – fredag kl. 17.00-20.00
Laurdag – søndag kl. 14.00-15.00 og 17.00-20.00
Ved besøk utanom desse tidene, må ein avtale med sjukepleiar.
Vi har fast utdeling av medisinar ca. kl. 08.00, 12.00, 16.00, 18.00, 20.00 og 23.00. Om du har behov for ekstra smertestillande, kan du ringe på oss og be om dette.
Telefonnummeret til Ortopedisk avdeling – post 2 vest er 55 97 37 57 . Om dine pårørande ønsker å snakke med deg, ber vi om at dei ringer deg direkte på eigen mobiltelefon. Då kan våre tilsette prioritere å hjelpe pasientar i avdelinga i større grad. Personalet har teieplikt, så det er begrensa kva vi kan seie. Om du ikkje har med deg telefon, har vi også ein pasienttelefon som du kan låne.
Frukost ca. kl. 08.30
Lunsj ca. kl. 12.00
Middag ca. kl. 16.00
Kveldsmat ca. kl. 19.00
Våre tilsette serverer mat inn på rommet. Har du lyst og moglegheit til å ete utanfor rommet, så har vi eit bord nedst i korridoren.
På sengepostane er vi delt inn i tre skift med vaktskifte kl. 07.00-07.30, kl. 14.30-15.00 og kl. 21.30-22.00. Vi ber om forståelse for at det i samband med vaktskifte og lunsjavvikling kan vere mindre / redusert kapasitet til å svare på ringeklokker.
Før operasjonen må du faste. Dette inneber at du ikkje skal ete, tygge tyggis, ete drops eller pastillar, snuse eller røykje. Du kan drikke vatn og svart kaffi inntil 2 timar før operasjonen.
Sjølv om det er planlagt operasjon for deg og du har fasta heile dagen, kan du risikere at operasjonen blir utsett dersom det kjem inn pasientar med alvorleg skade som må opererast umiddelbart eller dersom operasjonar tar lengre tid enn planlagd.
Det er viktig at du raskt kjem deg på beina igjen etter operasjon. Rask mobilisering reduserer risiko for komplikasjonar. Fordelar med å komme seg raskt ut av senga:
- Det betrar pusten og reduserer fare for lungekomplikasjonar
- Det betrar blodsirkulasjonen og reduserer fare for blodpropp
- Det reduserer hevelse og lettar evna til bevegelse
- Det stimulerer til at brotet gror
- Det førebygger trykksår
- Det reduserer fare for tilstiving av ledd
- Det stimulerer til eigenaktivitet og gjenvinning av funksjon som du hadde før skaden
- Du blir raskare sjølvhjulpen
Fysioterapitilbodet blir prioritert på bakgrunn av pasientane sine diagnosar. På Ortopedisk avdeling post 2 vest prioriterer vi dei pasientane som har skadar med mest kompleks etterbehandling. Dersom du har restriksjonar som gjer at du må komme opp av sengen, sitje eller gå på ein bestemt måte, vil fysioterapeuten komme til deg for å gå gjennom dette. Fysioterapeuten kjem også til deg om du treng å lære bestemte eigentreningsøvingar for å gjenvinne mest mogleg funksjon etter skaden din.
Fysioterapeutane har pasientbehandling i tidsrommet kl. 09.00-15.00, men har ikkje moglegheit til å gi eit meir konkret klokkeslett til kvar enkelt pasient. Dette er fordi fysioterapeuten vil prøve å tilpasse i forhold til øvrige undersøkingar og behandling (radiologiske undersøkingar, sårskift, spesialisttilsyn eller behandling på andre avdelingar).
I etasje 0 finn du apoteket.
Opningstider
Måndag – fredag kl. 08.30-18.00
Laurdag kl. 09.00-13.00
Stengt søndagar og heilagdagar. Reduserte opningstider i høgtider.
Det er elektronisk resept og du kan hente ut reseptar på alle apotek i landet. Hugs legitimasjon og pengar / betalingskort. Dersom nokon andre skal hente ut reseptar for deg, må dei ha med fullmakt frå deg.
Dersom du ønsker å hente ut reseptar på apoteket i sjukehusets 0. etasje, kan vi bestille frivillige som kan følgje deg ev. trille deg ned i rullestol.
Café3 i 3. etasje
Måndag – fredag kl. 07.30-18.00
Laurdag – søndag kl. 11.00-18.00
Heilage dagar kl. 11.00-17.00
Café Foajé i 0. etasje
Måndag – fredag kl. 08.00-15.30
Stengt laurdag, søndag og heilage dagar.
Deli de Luca i 0. etasje
Måndag – fredag kl. 06.00-23.00
Laurdag kl. 07.00-23.00
Søndag kl. 08.00-23.00
Vi ber deg tenke gjennom korleis heimen din er tilrettelagt for eventuelle hjelpemiddel. Om du ser at du har behov for hjelpemiddel, ønsker vi å vite det så tidleg som mogleg ettersom vi må bestille frå kommunen.
Du kan også bestille hjelpemiddel sjølv ved å ringe Hjelpemiddelhuset på Kronstad (kun for innbyggarar i Bergen kommune). Dei er open mellom kl. 12.00-15.00 på telefon 53 03 48 80 .
Avdelinga dekker i utgangspunktet billigaste reisemåte til bustad. Vi gjer ein medisinsk vurdering om du kan nytte offentleg transport eller om du har behov for drosje, rullestolbil eller ambulanse.