Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Historia om Kysthospitalet


Cover_Jubileumsbok. Skjermdump

Den kvite pest

På slutten av 1800-talet var tuberkulose den viktigaste dødsårsaka i Noreg. Tuberkulose var ein kjent sjukdom alt på 1600-talet, men auka sterkt frå første halvdel av 1800-talet fram til slutten av århundret. Ein viktig grunn til auken var den industrielle revolusjon, som førte til tettare busetnad og dårlege sanitære- og sosiale forhold.

Tuberkulosen arta seg dels som lungesjukdom, dels som generell infeksjonssjukdom i skjelett, nyrer, lymfekjertlar, hud, tarm, og i nokre tilfelle som "militærtuberkulose" - ein raskt dødeleg tilstand med spreiing til heile kroppen.

Behandling

Lungetuberkulosen var den forma som førte til flest dødsfall, og det var òg den mest smittsame. Dråpeinfeksjon var den vanlegaste måten for sjukdomsspreiing, men det skjedde òg spreiing med mjølk frå sjuke dyr. I 1890-åra døydde kvart år meir enn 6000 - flest barn og unge -menneske av sjukdommen. 

Dette var om lag ein femtedel av alle dødsfall. Mange fleire var smitta og sjuke, og måtte leve med stigmatisering og sosial isolasjon. 

Planlegging av eit kysthospital på Vestlandet

Portrett Dr. Sigvard Madsen. Foto

Dr. Sigvard Madsen

Under ei studiereise i Europa i 1887, fekk bergensaren dr. Sigvard Madsen idèen til eit kysthospital på Vestlandet. Saman med kjøpmann Harald Irgens, pastor Wilhelm Holt, apotekar Johan Lothe og dr. Claus Hansen, planla han utbygging av eit kysthospital og starta innsamling av midlar for å realisere dette.

I februar 1890 var det samla inn 10.000 kroner frå private, 10.000 frå Brendevinsamlaget og 2000 frå Sparebanken i Bergen. Plasseringa av sjukehuset i "Hovlandsviken i Os" vart valgt av klimatiske årsaker.

Opning - dei første pasientane

I 1893 sto det første hospitalet ferdig. Opningsåret fekk 21 vaksne og 14 barn behandling. Behandlinga var bading i utandørsbasseng, dusj, kraftig kost og ”et sunt regime i det hele”. 

Eksteriør Kysthospitalet i Hagevik i 1893. Foto

Kysthospitalet i Hagevik 1893.

Sjukehuset var primært eit allment sjukehus for pasientar med tuberkulose og rekonvalesentar, med hovudvekt på dei tuberkuløse. I følgje statuttane hadde pasientar med halskjerteltuberkulose fortrinn. Men av dei første 35 pasientane var det berre fire som hadde halskjerteltuberkulose. Dei andre hadde bein- og leddtuberkulose, eller andre sjukdommar som bronkitt og anemi. 

Etter kort tid var det ikkje plass til rekonvalesentar. Mange av pasientane med tuberkuløs sjukdom vart ikkje utskrivne i live, men døydde etter langt sjukehusopphald. Etter kvart auka talet på alvorleg sjuke og den første av mange utbyggingar vart planlagt.

Legane

Den første tida var det dr. Sigvard Madsen og dr. Olav Lothe frå Bergen som utan løn hadde tilsyn med pasientane ein gong kvar 14. dag. Først i 1898 fekk hospitalet fast tilsett overlege: Herman Gerhard Gade. Han kom frå ein ressurssterk familie i Bergen, og var bror til Fredrik Georg Gade som i 1912 ved donasjon oppretta Gades Institutt, eit patologisk anatomisk senter i Bergen.

H. G. Gade gjennomførte legestudiar i Kristiania og hadde studieopphald i Tyskland. Hovudinteressa hans var barnesjukdommar. I 1902 flytta han permanent til Hagevik og vart i stillinga som overlege heilt til 1946.

Eit barnehospital

Gade meinte hospitalet måtte vere ein institusjon for barn med alle variantar av tuberkulose. Han meinte sjukehuset var komplett ubrukeleg for dette, og fekk derfor gjennomført utbyggingar både i 1900, 1907 og 1912. Etter 1. verdenskrig var det stadig ein auke av pasientar med bein- og leddtuberkulose, og det måtte ei større utviding til for å gi behandlingsplass til desse. Med innsamla private midlar og støtte frå Nasjonalforeningen mot tuberkulose, vart eit nytt moderne bygg oppført i tillegg til dei gamle trebygningane. 

Ved opninga i 1926 stod tuberkulosehospitalet fram som eit av dei mest moderne i Europa, med fleire operasjonssalar, apparatur for røntgendiagnostikk og moderne lysbehandling. Sidan både kunstig og naturleg lys var sett som ein viktig del av behandlinga, låg alle sjukerom mot sør og sørvest.

Eit av dei mest moderne sjukehusa i Europa

Det var først og fremst dr. Gade som var ansvarleg for det kysthospitalet som frå 1926 var eit av dei store sjukehusa for tuberkulose i Europa. Han var ein stor personlegdom med svært stor arbeidskapasitet.​ 

Eksteriør - Kysthospitalet i Hagevik sett fra sjøen i 1926. Foto

Kysthospitalet etter utbygginga i 1926.

​Han bygde opp eit stort medisinsk bibliotek med litteratur frå røntgenologi, medisin, nevrologi og indremedisin. Han kunne fleire språk slik at han kunne gjere seg nytte av denne fleirspråklege litteratursamlinga. 

I lang tid førte han sjølv sjukehuset sine journalar, sjølv om han etter kvart fekk hjelp av assistent- og reservelegar. 

I den tida han var overlege planla han, og fekk bygd, eit parkanlegg omkring hospitalet med eksotiske tre og plantar som framleis står.

Sjølv om Gade var den viktigaste for utviklinga av sjukehuset og eigedommen, hadde han mange  dyktige medarbeidarar. Mellom anna Lars O. Askvik som var kasserar og forvaltar frå 1910 til 1958 og Einar Olsen som var leiar for styret frå 1927 til 1953. Oversjukepleiarane Maren Vagle, Petra Sørensen, Jenny Smørdal, Ragnhild Thue og Oline Indrebø var òg viktige. Særleg for den faglege og menneskelege utviklinga.

Røntgenundersøking

W.C. Røntgen si oppdaging av ”røntgenstrålane” (1895) er ein milepæl i sjukdomsdiagnostikk. Dei første åra var røntgenundersøkingar særleg nyttige for å diagnostisere bein- og leddlidingar. Alt i 1908 fekk sjukehuset som eitt av dei første i Noreg eiga røntgenavdeling. ​

Tuberkulosen forsvinn

Utover 1930-talet vart det færre pasientar med halskjerteltuberkulose (skrofulose), medan talet på pasientar med bein- og leddtuberkulose auka og vart den viktigste pasientgruppa for sjukehuset. Frå slutten av 40-åra gjorde nye kjemoterapeutica og antibiotika at ein fekk kontroll over "den kvite pest”. Frå 1892 til 1946 gjekk talet på døde tuberkulosepasientar ned frå årleg 6500 til om lag 1500. 

Herman G. Gade står i profil ved vannet med Kysthospitalet i Hagevik i bakgrunnen i 1936. Foto

Herman G. Gade i 1936

H. G. Gade såg dette, og var klar på at sjukehuset måtte ta seg av andre pasientar i framtida. I eit avskjedsintervju i Bergens Tidende sa han: ”På sikt må Kysthospitalets arbeid gå i retning mot ortopedisk kirurgi og det må adjungeres Universitetet.” 

Etter at Gade slutta i 1946 fekk hospitalet gradvis ein annan funksjon.

Ein overgang

Gade hadde stillinga som overlege til etter 2. verdskrig, delvis fordi han frykta hospitalet skulle få ei leiing med nazistisk ideologi. 

I 1946 overtok dr. Hermann Thrap-Meyer. Han var spesialist i tuberkuløse bein- og leddlidingar og ortopedisk kirurgi. Thrap-Meyer hadde praktisert ved tre andre kysthospital, og han sette prestisjen sin inn på at Kysthospitalet i Hagevik skulle bli eit sjukehus for ortopedisk-kirurgiske pasientar, slik Kysthospitalet ved Stavern hadde blitt. Sjukehuset søkte derfor i 1948 om autorisasjon for ortopedisk-kirurgisk behandling av også ikkje-tuberkuløse pasientar. Departementet svarte ikkje på søknaden, og etter kvart var det ingen ventelister for tuberkuløse pasientar.

Dette skapte ein konflikt mellom Thrap-Meyer og sjukehusstyret. Han meinte han fekk for lita støtte, medan styret meinte sjukehuset framleis skulle fokusere på tuberkuløse pasientar, og vedtok at ”Styret kan ikke anbefale at Kysthospitalet i Hagevik overgår til hospital for generell ortopedisk kirurgi". Dei støtta likevel at sjukehuset kunne behandle eit avgrensa tal ortopediske pasientar.

Konflikten tilspissa seg då sjukehuset etter kvart òg tok i mot pasientar med lungetuberkulose, og enda med at Thrap-Meyer sa opp stillinga si i 1953. ​

Lungetuberkulose

Sjukehuset var no i ein vanskeleg periode. I 1951 var det på tale å leggje ned sjukehuset, ev. å overføre det til Bergen Kommune. Men Staten var interessert i å oppretthalde Kysthospitalet i Hagevik, og ga midlar til oppføring av funksjonærbustadar og oppretta ei fast stilling for spesialist i lungesjukdommar og lungetuberkulose. Lungespesialisten dr. Eilert Eilertsen vart tilsett i denne stillinga i 1956. Medikamentell - og seinare kirurgisk behandling av lungetuberkulose, gjorde no at mange vart heilt friske, men fram til 1970 hadde sjukehuset mange barn med kjerteltuberkulose i brystet til behandling. Eilertsen sa opp stillinga si då dei fem siste barna med primærtuberkulose vart utskrivne 26. februar 1972.

Ortopedisk kirurgi

I 1954 overtok Otto Brinchmann-Hansen som administrerande overlege etter Thrap-Meyer, men den vidare drifta var framleis uavklart. Sjukehuset heldt delvis fram som eit tuberkulosesjukehus, men etter kvart var det vanskeleg å fylle sengene. 

I 1966 var det 20 ledige senger ved sjukehuset, mens det var skjedd ei stor endring i sjukdoms-panoramaet. Tuberkuløse pasientar utgjorde dette året berre ca. 20 prosent av pasientane, medan det var 80 prosent pasientar med ortopedisk sjukdom ved sjukehuset. Det var klart at for alle at tida som tuberkulosesjukehus var over. 

I 1962 vart overlege og styre spurt av Helsedirektøren om deira syn på framtidig organisering av ortopedisk kirurgi i Bergen og Hordaland, sidan  Haukeland Sjukehus planla å opprette ei slik avdeling. Deira svar var at det var behov for ortopedisk kompetanse både ved Haukeland og Kysthospitalet, og at kysthospitalet var klare til å starte denne verksemda. Det vart ikkje gjort noko formelt vedtak om lokalisering av ortopedisk kirurgi, men Sosialdepartementet såg Kysthospitalet som ei mellombels løysing inntil Haukeland Sykehus kunne overta oppgåva. Det drog imidlertid i langdrag med utbygging av Haukeland.

I foreløpig helseplan for Hordaland fylkeskommune, vart det bestemt at: ”Kysthospitalet er i drift som ortopedisk sjukehus for heile Vestlandsregionen og som sjukehus for barnetuberkulose, bein- og leddtuberkulose for eit enno vidare distrikt. Fylkesutvalet reknar difor med at Kysthospitalet vert klassifisert som sjukehus tillagt  særskilte oppgåver slik som nevnt i sjukehuslova §4 og at driftsutgiftene og trygdekasserefusjon difor vert dekte av Staten.” 

Det var klart at skulle sjukehuset halde fram måtte det til ei vesentleg renovering av dei eldste bygningane. Nedriving av dei gamle trebygningane starta i 1971, og nye operasjons-, røntgen-, kjøkken-, fysioterapi- og laboratorieavdelingar sto ferdige i 1973-74. Kysthospitalet i Hagevik var no etablert som spesialsjukehus i ortopedisk kirurgi med 100 sengeplassar, og var blitt ein del av det fylkeskommunale helsetilbodet.  Men sjukehuset var framleis eigd av stiftinga og vart først overdrege til fylkeskommunen i 1976 som gåve. 

Otto H. Brinchmann-Hansen

Brinchmann-Hansen overtok som administrerande overlege etter Thrap-Meyer i 1954. Han hadde brei utdanning i ortopedisk kirurgi, var spesialist i ledd- og beintuberkulose og hadde også vesentleg utdanning i røntgenologi. Fram til tidleg på 70-talet hadde han nærmast eineansvar for all elektiv ortopedisk kirurgi nord for Sandnes og sør for Trondheim. Han var i tillegg lærar for medisinarstudentane, og hadde konsulentoppdrag ved Nevrologisk avdeling, Haukeland sykehus,  og ved Polioinstituttet. Han meistra eit breitt spekter av den totale elektive ortopedi og han var ein dyktig klinikar og kirurg. Også i hans tid var det uro om sjukehuset med fleire forslag om omorganisering, ev. nedlegging. 

Tidleg på 70-talet vart det tilsett endå ein spesialist i ortopedisk kirurgi: overlege Milan Rait, og seinare på 70-talet overlege Ole Dankert Lunde. Ei tid framover var det framleis få ortopediske kirurgar ved regionsjukehuset på Vestlandet. Talet auka først då det vart eigen seksjon (seinare avdeling) for ortopedisk kirurgi ved Haukeland sykehus på slutten av 70-talet.

Overlege Otto H. Brinchmann-Hansen fekk vere med på ei pionèrtid i utviklinga av elektiv ortopedisk kirurgi med innføring av ny teknologi for brotbehandling og osteofiksasjon, i tillegg til ein milepæl i endoprotese-kirurgien: bruken av  beinsement. Han var elles hovudsakleg ein eksponent for ortodoks ortopedisk kirurgi. 

Einar Sudmann

I 1978 vart dr. med. Einar Sudmann tilsett som administrerande overlege ved sjukehuset og dosent, seinare professor, ved Universitetet i Bergen. Striden om kysthospitalet sin eksistens heldt òg fram i hans tid som administrarende overlege. Fram til 1993 vart det i alt fire gaongar (1979, 1982, 1986 og 1993) fremma forslag om omorganisering eller nedlegging av ortopedisk kirurgisk verksemd ved Kysthospitalet i Hagevik. Forslaga vart kvar gong avslått av Fylkestinget. Sidan 1993 har det vore ro om hospitalet si verksemd og framtid. 

Professor Sudmann var aktiv i forsking og undervisning. Han hadde såleis fram til 2001 hovudansvaret for "Vossakurset", eit obligatorisk kurs i brotbehandling for alle kirurgar. Han har mange publikasjonar både innanfor basalforsking og klinisk forsking. Professor Sudmann er æresmedlem i Norsk Kirurgisk Forening og i Norsk Ortopedisk Forening. 

I 1993 slutta Einar Sudmann som administrerande overlege og gjekk tilbake til vanleg overlegeverksemd og professorstilling ved universitetet.​

Barneortopedi

Fram til midten av 90-talet hadde sjukehuset heile spekteret av planlagt ortopedisk kirurgi, unntatt skoliosebehandling, som først vart sendt til Sophies Mindes Hospital i Oslo og seinare overtatt av Haukeland sjukehus. Barneortopedisk verksemd vart vedtatt overført til Ortopedisk avdeling ved Haukeland sjukehus i 1982, då nye behandlingsmetodar resulterte i kortare liggetid og dermed dårleg utnytting av barneortopedisk post. Samtidig hadde Haukeland sjukehus, Kirurgisk avdeling ledige senger på sin barneortopediske post. Vedtaket var vanskeleg å gjennomføre grunna manglande ressursar ved Haukeland, men i løpet av 90-åra har barneortopedisk service blitt overført trinnvis.

Kysthospitalet i Hagevik si barneortopediske verksemd er no berre å ta hand om dei pasientar som har vore behandla på sjukehuset tidligare, og dei tek berre unntaksvis inn nye barn. 

Ole Dankert Lunde

Frå 1993 til 2002 var Ole Dankert Lunde avdelingsoverlege ved sjukehuset. 

Sjølv om sjukehuset i periodar hadde ei usikker framtid, var det ei utvikling med utbyggingar i 1973-74, 1990-93 og 1996. 

Administrasjon og pleie

​Tidlegare er nemnt den tydinga oversjukepleiarar har hatt for drifta ved Kysthospitalet i Hagevik. Etter at Kysthospitalet vart ei rein ortopedisk kirurgisk avdeling, har hospitalet hatt 2 over-/sjefssjukepleiarar: Emma Brundtland og etter ho Kitty Øxnevad. Kitty Øxnevad er oldebarnet til initiativtakaren til Kysthospitalet si oppretting, Sigvard Madsen.

Kysthospitalet hadde frå starten ein administrerande overlege som hadde underlagt forvaltar og seinare forvaltar og økonomisjef. I 1988 vart administrasjonsordninga endra, i det Kysthospitalet fekk sin første direktør.

Den andre og siste direktøren, Svein-Erik Aasebø, vart tilsett i 1993, og spelte ei viktig rolle for sjukehuset si positive utvikling fram til 1. januar 2002 når KiH vart ein del av Helse Bergen.​

Sist oppdatert 04.11.2022