Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hjarteavdelinga, Kirurgisk avdeling, Nevrokirurgisk avdeling, ØNH-avdelinga og Kirurgisk serviceklinikk

Seksjonsleiar: 

Rune Olsen 

Telefon: 55 97 29 09

Rune.olsen@helse-bergen.no 

 

Bemanning: 

14 fysioterapeut stillingar. 1 seksjonsleiar og 12 fysioterapi stillingar samt ein fysioterapeut i turnus. 

 

Kvar er vi: 

Vi har kontor i Armauer Hansens Hus, Fysioterapiavdelinga sine kontorlokaler i 2. etasje. I tillegg har vi kontorplassar ved Balanselaboratoriet i Sentralblokka og ved Hjerterehabiliteringa i Møllendalsbakken 9A 

 

Arbeidsområde: 

Seksjonen dekkjer fysioterapitilbodet ved Hjerteavdelinga, Kirurgisk Klinikk (utanom Plastikkirugi og Brannskade), Klinikk for hovud-hals inkludert Balanselaboratoriet og Nevrokirurgisk avdeling. I tillegg er vi hovud kontakt-seksjon for Kirurgisk serviceklinikk med Intensiv, Postoperativ og TIO. 

 

Ved sengepostane blir behandlinga stort sett utført på sengerom eller i samband med desse 

Balanselaboratoriet har eigne poliklinikkrom, mellom anna med rotasjonsstol og videofrenzel briller. 

Hjerterehabiliteringa har eigne lokale i Møllendalsbakken 9A med treningssal, testlaboratorie, undervisningsrom og poliklinikkrom.  

 

Ved sengepostane bistår fysioterapeutane pasientar med førebygging, vurderingar, behandling og tidleg rehabilitering for å hindre komplikasjonar og/eller lindre plager og funksjonsvanskar som følgje av sjukdom, skade, operasjonar og behandling.   

Ved Balanselaboratoriet undersøkjer og behandlar fysioterapeutane pasienter med både akutt og langvarig balanse- og svimmelheits-problematikk. 

Ved Hjerterehabiliteringen jobbar fysioterapeutane med testing, undervisning og opptrening av pasientar med ulik hjerteproblematikk.  

 

 

 

Sist oppdatert 19.09.2024