Fysioterapi ved Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi. Nasjonalt brannskadesenter

Seksjonsleiar: Marit Hjellestad 
Spesialist i rehabilitering 
55 97 29 12
marit.hjellestad@helse-bergen.no

Seksjonen har per i dag tilsaman 5 faste, heile stillingar for fysioterapeutar. Den eine er seksjonsleiar.
Seksjonsleiar har 50 % stilling som ass. avdelingssjef (frå 2004).
Vi er per i dag 6 fysioterapeutar fordelt på stillingane.


Arbeidsområde

​3 av fysioterapeutane er knytta til Nasjonalt brannskadesenter (tildlegare Brannskadeavsnittet (BSA))  som har landsdekkande funksjon, og 3 er knytta til Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi (nytt navn i 2017), sengepost og poliklinikk.

Sengeposten; Kir.post 4, nyttar også pasienthotellet, Haukeland hotell, ved behov. (Obs. ingen øyremerka senger lenger, det må søkast for kvar gong det er behov).
 

Dei vanlegaste diagnosane

​Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi:
Diverse handskader (kuttskader, f.eks bøyeseneskader, klemskader, brot m.m.), traume, kreft (f.eks malignt melanom, ein sjeldan gong også i terminal fase, brystkreft i rekonstruktiv fase) og medfødde misdanningar som involverer hud og mjukdelar (Obs. alle barn vart våren -07 flytta til Barnekirurgisk avd. og vinteren 2018 flytta til Marie Joys Hus/ BUK) Sår (f.eks trykksår) som krev kirurgisk behandling. I tillegg pasientar med mindre alvorlege brannskader og brannskadesekveler.  

Nasjonalt brannskadesenter:
Store, alvorlege og spesielle brannskader, toksisk epidermal nekrolyse (TEN) og nekrotiserande fasceitis (NF). (Obs. også barn med desse skadene).

Ved ledig kapasitet: også intensivpasientar med andre diagnoser.


Poliklinisk verksemd

Fysioterapeutane ved Nasjonalt brannskadesenter (den eine, seksjonsleiaren, har dette som fast oppgåve) er med ved tverrfaglege polikliniske kontrollar av brannskader (tirsdag, på Plastikkirurgisk poliklinikk), og fysioterapeutane på  ved Avdeling for Plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi har polikliniske pasientar kvar dag, hovudsakleg pasientar med handskade, i nært samarbeid med ergoterapeutar.
 

Arbeidsform

Fysioterapeutane driv med akuttbehandling, men tenkjer rehabilitering frå innkomstdag. Dei fleste pasientane er (ny-)opererte, og mange er alvorleg sjuke, som regel pga store traume. Dette må det sjølvsagt takast omsyn til i behandlinga av- og i informasjonen til pasientane. Liggetida for kvar pasient varierer frå eit par dagar til fleire månader. Dei pasientane som er inneliggande lengst, er dei med  store brannskader.

Det vert så godt som alltid gjeven individuell behandling. Det meste av behandlinga føregår på sengepostane, men gangtrening vert gjort i korridor og trapper. Vi har tilgang på treningsal i 2. etg. i Sentralblokka, og behandlingsrom i 2. og 5.etg  vert og nytta. 

Preinstruksjon vert gjeven til pasientar som skal gjennomgå planlagde operasjonar, dvs rutinemessig til pasientar med brystkreft (før rekonstruksjon av bryst med DIEP-lapp). Desse pasientane blir preinstruerte dagen før operasjonen. Oppfølging av desse pasientane vert gjeven etter behov.

Det vert brukt mykje tid på informasjon, instruksjon, rettleiing og sjekking av at pasientane trener som tilrådd. Det er utarbeidd ei mengd skriftleg materiale. (Informasjon til pasientar, sjølvtreningsprogram og retningsliner for behandling). 

Heimebesøk vert så godt som aldri gjort. (Nokre få gonger hjå pasientar med omfattande brannskader). På grunn av at dei fleste pasientar med brannskader vært tilbakeførte til lokalsjukehus eller rehabiliteringsverksemd på heimstaden, er det ikkje aktuelt med tilpassing av tekniske hjelpemiddel på BSA. På  Avdeling for Plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi er det mest aktuelt med tilpassing av ganghjelpemiddel, som regel krykkjer.

Ortoser vert som regel laga av ergoterapeut. På BSA som regel av fysioterapeut. Fysioterapeutane tar mål til kompresjonsplagg mot arrhypertrofi.

Behandlingsmetodar

Viktige behandlingsprinsipp er tidleg mobilisering, aktive øvingar (pasienten sin eigen aktivitet vert vektlagd) og å få pasienten raskt sjølvhjelpen i ADL-funksjonar. Pasientane vert oppfordra til å trena fleire gonger dagleg, og eit par gonger saman med fysioterapeut.

Passiv tøying på brannskadde vert utført stort sett når pasienten er i narkose i samband med sårstell. Kontrakturprofylakse og førebygging av arrhypertrofi er grunnleggande element i behandlinga av brannskader. Arrbehandling er tidkrevjande, og strekkjer seg over år. Lungefysioterapi er ofte aktuelt i akuttfasen. 

Samarbeid

Dei næraste samarbeidspartnarane våre er sjukepleiarar (ved Nasjonalt brannskadesenter er dei fleste spesialutdanna) legar (plastikkirurgar og anestesilegar), og ergoterapeutar. Sosionom, barnepsykiater og ortopediingeniør vert kontakta ved behov.

Utanfor sjukehuset vert det særleg samarbeidd  med fysioterapeutar og tverrfaglege team ved andre sjukehus og rehabiliteringssenter som Sunnaas og AFMR, Nordås, ved tilbakeføring av pasient. (VI har kontaktpersonar ved dei fleste norske sjukehus,- pga landsfunksjonen for behandling av pasientar med brannskader). Etter at det vart oppretta poliklinisk tilbod til handskader ved seksjonen, er det i mindre grad enn tidligare behov for samarbeid med primærhelsetenesta og fysikalske institutt for denne pasientgruppa.

Aktivitetar utover behandlingssituasjonen

Fysioterapeutane deltek på ei rekke møter på avdelingane; morgonmøte, previsitt, tverrfaglege møter om enkeltpasientar og ein sjeldan gond også videokonferansar om enkeltpasientar, m.m.

Fysioterapeutane ved Nasjonalt brannskadesenter driv i utstrekt grad med undervisning og opplæring, internt og eksternt. For hospitantar, spesialelevar (sjukepleiarar), nytilsette, fysioterapistudentar og på ulike kurs.​

Det vert skriven rapport på alle pasientar før utskriving/overflytting, og i tillegg vert det notert tilnærma dagleg i elektronisk pasientjournal.
Sist oppdatert 19.01.2018