Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fysioterapi ved AFMR Skulderpoliklinikk

Seksjonsleiar fysioterapi: Ingrid Thorsen
Tlf: 55 91 84 54
ingrid.thorsen@helse-bergen.no ​

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) driv skulderpoliklinikk. Tilbodet omfattar utreiing og behandling av pasientar med ulike skulderplager.

Skulderteamet består av: Ein lege frå AFMR, ei fysioterapistilling delt på 2 terapeutar (50% stilling kvar) og ein sekretær.

Pasientane vert tilvist av fortrinnsvis fastlege, men òg i frå andre i 2. ​linetenesta. Manuellterapeutar og kiropraktorar har òg tilvisingsrett. Den legen ved AFMR som har ansvar for poliklinikken, vurderer søknadane.


Pasientar med diagnosar som tendinopathiar og annan affeksjon av muskelapparatet, adhesive capsulittar, sekvele etter traumer og nerveskadar, er mest aktuelle for vår poliklinikk. Pasientar som har ein uavklart tilstand rundt sine skulderplager, kan òg verta utreia/diagnostisert. 
Etter utreiing hjå lege, vert nokre av dei sette opp til utreiing hjå fysioterapeut.

Desse pasientane kan ha utbytte av ei aktiv tilnærming ved hjelp av div. treningsråd/oppfølging, eller dei kan få tilbod om å delta i skuldergruppe hjå oss.

​Behandling

Skuldergruppa går over 12 gonger, 6 veker med trening 2 gonger per veke frå kl. 13-14.45, tirsdagar og torsdagar . Dei 2 fysioterapeutane driv gruppa.  Tirsdagar er innhaldet: ¾ time med  bassengøvelsar i oppvarma basseng og ¾ time imed ndividuelle øvelsar. Torsdagar : ¾ time med kondisjonstrening på tredemølle/sykkel/cross-trainer og ¾ time med individuelle øvelsar. 

Max antal i gruppa: 10 pasientar. Fortløpande inntak.

Etter gruppeslutt kan pasienten få oppfølging frå lege og/eller fysioterapeut i ei tidsavgrensa periode, dersom det er behov for dette. Pasientane skal setje opp sin eigen plan for trening og andre tiltak – tiltak retta særleg mot jobbfunksjon.

Fysioterapeutane i skulderteamet held seg fagleg oppdatert via litteratursøk,  deltaking på kurs innan fagfeltet, samt internundervisning.

Det blir gjennomført ei evaluering av opplegget saman med pasientane. 

 
Sist oppdatert 01.07.2016