Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering AFMR, Post 1 Slagrehabilitering og traumatisk hjerneskade og Post 2 Nevrorehabilitering, traumatologi og amputasjon

Pasientar med nevrologisk sjukdom/skade, særleg hjerneslag og traumatisk hjerneskade er største brukergruppa vår. Dernest pasientar som har gjennomgått amputasjon. Andre aktuelle diagnosar er multitraume, brannskade og anna.

Heilskapleg rehabilitering har fokus på den totale livssituasjonen til pasienten. Arbeidsforma er basert på tett tverrfagleg samarbeid, der dei ulike yrkesgruppene medverkar i forhold til pasienten sine individuelle behov.

Fysioterapeutane utveksler informasjon og gjev rettleiing til 1.linjetenesta i samarbeid om den enkelte pasient.

Post 1:

Slagrehabilitering og traumatisk hjerneskade, herunder 4 regionale senger for pasientar med traumatisk hjerneskade.

Post 2:

Nevrorehabilitering, traumatologi og amputasjon.


Nevrologisk fysioterapi:

Vi nyttar oppdatert kunnskapsbasert praksis. Målsetjinga er at pasienten skal gjenvinne og/ eller relære så optimale og normale strategiar for rørsle som mogeleg, basert på optimal balanse. Gjenvinning av dynamisk balanse vert ansett som eit grunnleggjande mål for utviklinga av rørslekontroll i armar/bein og i hovud/ nakke, og for orientering til omgjevnadene og dermed for betre funksjon.

Traumatisk hjerneskade:

Ved dei regionale sengene har fysioterapeut særleg fokus på å fremje motorisk funksjon, samt førebyggje og behandle komplikasjonar som kort muskulatur, lungebetennelse, trykksår og djup venetrombose.

Fysioterapeutane arbeider med:

  • Å stimulere pasienten til å vere meire vaken gjennom sensorisk stimulering og mobilisering
  • Ivaretaking og behandling av ledd, muskellengde og muskeltonus for å gjere det mogeleg for pasienten å bevege seg
  • Mobilisering og trening for å fremje fysisk funksjon
  • Ivaretaking og behandling av lungefunksjon
  • Å leggje til rette for gode utgangsstillingar i aktivitet og kvile

Gjennomgått amputasjon:

Fysioterapeutane har spesialkompetanse på vurdering, opptrening og protesetilpassing etter amputasjon. Tilbodet vil kunne omfatte individuell tilnærming, trening i gruppe, bassengtrening og eigentrening under rettleiing. Dei mest vanlege tiltaksformene er øvingar, forflyttingstrening, gangtrening/korrigering av gangmønster, ADL-trening, bløtvevsteknikkar, rettleiing i eigentrening og informasjon/opplæring i bruk av protese. Fysioterapeuten samarbeider tett med ortopediingeniør og deltek med informasjon og vurdering ved protesetilpassing/-justering.

Behandlinga/treninga går primært føre seg på eit av treningsromma, men også på pasientane sine rom, i gangen, i trappa, ute eller i bassenget. For mange er eigentrening ein viktig del av rehabiliteringa, og treningslokala er tilgjengelege for eigen trening på ettermiddagar og i helgane.

Det er omlag 15 heile stillingar for fysioterapeutar knytta til sengepostane, der den eine er turnuskandidat. I tillegg er det fysioterapiassistentar.  

Fleire av fysioterapeutane ved Post 1 og 2 er kliniske spesialistar i rehabilitering med fordjuping i nevrologi. To fysioterapeutar har fullført mastergradsutdanning.

Fysioterapeutane rettleiar fysioterapistudentar på Bachelor- og ev. Masternivå.

Seksjonsleiar: Ingrid Thorsen 
Telefon: 55 91 84 54
ingrid.thorsen@helse-bergen.no

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.