Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilpassing av ortoser

Etter henvisning fra revmatolog i avdelinga, kan ergoterapeutane ved behov hjelpa til med å tilpassa, og prøva ut ortoser.

​​Målet med ortose er å erstatte, gjenopprette eller betre tapt funksjon. Ortosa vil stabilisera leddet og gje avlasting. Dette kan bidra til at smerter og uheldig belasting av leddet unngås, og at personen kan utføre  daglege aktivitetar best mogeleg

Personar som er i kontakt med Revmatologisk avdeling og har nedsatt handfunksjon på grunn av revmatisk affeksjon av finger- eller handledd. 

Ergoterapeuten vurderar kva type ortose som kan vera aktuell for den einskilde. Ein vil deretter prøva ut, og finna den ortosa som passar best. Ortosa kan vera prefabrikert, eller spesiallaga av ergoterapeuten. Håndleddsstøtter og tommelortoser er eksempel på ortoser som ofte blir brukt.

Bruk ortosa hovudsakleg i aktivitet, for eksempel når du køyrer bil, arbeider i huset eller hagen. Ta den av dersom du sit i ro, eller held på med lette aktiviteter. I kombinasjon med bruk av ortosa er det nødvendig å gjere nokre øvingar. Ergoterapeuten instruerar i kva øvingar som er aktuelle for den enkelte, og du får med skriftleg egentreningsprogram. 
​Ei prefarbrikert/halvfabrikert ortose må i samråd med lege søkast om til NAV som eit ortopedisk hjelpemiddel.
Sist oppdatert 25.09.2016