Målet med handtrening er å lindre smerter, betre bevegelighet, handkraft og grepsfunksjon slik at ein kan utføre daglege aktivitetar best mogleg.
Handtrening er eit tilbod til personar med nedsatt handfunksjon som er innlagt Revmatologisk avdeling.
Ergoterapeuten veiledar i handtrening, individuelt eller i gruppe. I treninga brukar ein utstyr som mellom anna baller, fingermanualer og treningsdeig. Øvingane kan overførast til daglege funksjonar og ein får utdelt skriftleg treningsprogram.
Personar med revmatisk sjukdom kan ha god effekt av varme. Varm sand blir ofte brukt som ein del av oppvarminga/treninga. Varmebehandling kan auke bevegelse og gi smertelindring.
Pasienten vert oppmuntra til å fortsette treninga etter sjukehusoppholdet.