HELSENORGE

Lønns- og rekneskaps­seksjonen

Lønns– og rekneskapsseksjonen består av 45 tilsette og er ein del av Økonomi– og finansavdelinga i Helse Bergen. Dei viktigaste oppgåvene våre er rett lønn og rett rekneskap til rett tid. Seksjonen er ein spanande og aktiv arbeidsplass med eit godt fagleg og sosialt miljø. Vi er ein seksjon i utvikling kor prosjektarbeid og nye IKT-løysningar er blitt ein del av vår kvardag.

Lønns – og rekneskapsseksjonen har tett samarbeid med dei andre helseføretaka i regionen og nyttar blant anna lønn- og personalsystemet "Agresso" og rekneskapssystemet "SAP".

Seksjonen består av fire grupper: Drift Lønn, fag Lønn, kostnadsgruppa og bank/inntektsgruppa.

Fann du det du leita etter?