Diagnostisk arbeid blir utført av to legar ved avdelinga. Utgreiinga består av klinisk vurdering og supplerande diagnostikk, ofte med muskelbiopsi. Både biopsien og vurderinga av resultatet blir gjort saman med nevropatolog ved Avdeling for Patologi.
Ved arvelege muskelsjukdomar blir prøvar sendte for genetisk testing til norske og utanlandske laboratorium. Legane vil syte for å få ein så presis diagnose som mogleg, og tilvising til andre spesialistar som f.eks. lungelege eller hjartelege. Legane hjelper også pasienten med opplysningar om sjukdom og kva som føregår på forskingsfronten. Samtidig som diagnostisk utgreiing føregår, blir pasientane som har behov for det også tekne vare på av det tverrfaglege teamet.
Kontaktinformasjon
Telefon Sjukepleiar
55 97 51 20
Telefontid
Måndag-fredag
kl. 08.00-15.30
Telefaks
55 97 51 64
Tverrfagleg teamTverrfagleg vurdering er ein vesentleg og viktig del av oppfølgingsoppgåvene. Pasientar som kjem til tverrfagleg vurdering, har vanlegvis ein fastsett diagnose. Men nokon kjem før prosessen er ferdig, anten p.g.a. behov for tverrfagleg hjelp eller fordi ein ikkje kjem nærmare endeleg diagnose med dagens kunnskap. Dei fleste pasientane som kjem til tverrfagleg vurdering, høyrer til i Vestland og på Vestlandet generelt, men fleire kjem frå andre deler av landet.
Det tverrfaglege teamet fungerer som ei bru mellom spesialist- og primærhelsetenesta. Formidling av opplysning er kanskje den viktigaste oppgåva teamet har. Dei fleste spørsmåla handlar om praktiske problem og økonomi. Teamet, som i dag består av sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og sosionom, fungerer mest poliklinisk. Men teamet kan også sjå på pasientar som er innlagte på dagposten ved Nevrologisk avdeling. Andre faggrupper som ernæringsfysiolog, logoped o.l., blir involvert etter behov. Du kan lese meir om fagpersonane lenger nede på sida.
Det er fint om du har tenkt gjennom kva du ynskjer å ta opp på den tverrfaglege timen.
Sjukepleiar
Sjukepleiaren er ansvarleg for innkalling av pasientar til tverrfagleg vurdering og vil i informasjonsskriv som blir sendt saman med innkallingsbrevet, syte for at pasienten blir informert om kven som skal delta i den tverrfaglege klinikken. Sjukepleiar planlegg den polikliniske timen. Vedkomande kan kontaktast om du har spørsmål som vedkjem timen eller om du har andre spørsmål knytt til sjukdomen din. Tlf: 55975120.
Fysioterapeut
Fysioterapeuten legg mest vekt på å vurdere fysisk funksjon. Det er viktig å bevare muskelkraft så lenge som mogleg. Samtidig må leddrørsle, muskellengde og god kroppsholdning bevarast. Dette vil vere ei hjelp til å bevare fysisk funksjon, det å kunne flytte på seg, motverke smerter og sikre gode pusteforhold. Lungefysioterapi vil av og til vere nyttig. Fysioterapeuten gir råd og rettleiing om hjelpemiddel og kan formidle kontakt med og gi råd til fysioterapeut på heimstaden.
Ergoterapeut
Ergoterapeuten tilbyr samtale om aktivitetar i kvardagen (heim, arbeid/skule og fritid). Ergoterapeut gir informasjon, råd og rettleiing om bustad, hjelpemiddel samt generell energiøkonomisering. Samarbeid med ergoterapeut i kommunen inngår også.
Sosionom
Sosionomen gir tilbod om samtale når det gjeld sosiale, praktiske og økonomiske spørsmål. Dette kan gjelde tilrettelegging av arbeidsforhold, hjelp og assistanse i dagleglivet og informasjon om trygderettigheiter. Mange treng hjelp til å finne fram i samfunnet sine reglar for praktisk hjelp og økonomisk støtte. Sosionomen gir konkret hjelp med søknader, tilvisingar for vidare oppfølging i det kommunale hjelpeapparatet og gir rom for spørsmål og tankar om situasjonen.