
Legane ved ALS-klinikken har i mange år arbeida med ALS-pasientar. Legane vil sørge for presis utgreiing og diagnostikk ved mistenkt sjukdom. Ofte vil det vere behov for tilleggsundersøking, og desse vil bli rekvirert gjennom ALS-klinikken. Som klinikken sine legar vil vi bidra med informasjon om forsking på sjukdommen, om der er forskjellige behandlingsalternativ og vi vil arbeide for at ALS-klinikken deltek i utprøving av nye medikament.
Vi meinar det er viktig å formidle moglegheitene for tilrettelegging og tilbod som kan vere til nytte. Sjukdommen artar og utviklar seg ulikt. Vi ønskjer at du skal få den informasjonen som passar deg, Teamet kan her vere til nytte på forskjellige område.
Det tverrfaglege teamet tek kontakt med og samarbeidar med aktuelle fagpersonar lokalt. Det tverrfaglege teamet består av lege, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut, ergoterapeut, logoped og ernæringsfysiolog. Du kan lese meir om fagpersonane nedanfor.
Ved innkalling til poliklinisk time vil du få tilsend eit skjema der du kan krysse av kven av oss du ønskjer å snakke med. Det er fint om du har tenkt gjennom kva du ønskjer å ta opp på den tverrfaglege timen.
Sjukepleiar
Sjukepleiaren arbeider ved poliklinikken og har spesiell kompetanse på ALS. Du vil treffe henne når du har time hos legen og få ein samtale med henne. Ho kan gi informasjon og råd. Ho formidlar også kontakt med andre fagpersoner etter ønske og behov.
Sosionom
Sosionomen gir deg tilbod om samtale og rettleiing i forhold til sosiale, praktiske og økonomiske spørsmål. Dette kan gjelde tilrettelegging av arbeidsforhold, sikring av trygderettigheiter, informasjon om økonomisk støtte, hjelp og assistanse i dagleglivet. Ho kan også gi deg konkret hjelp til søknadar og gir rom for spørsmål og tankar om situasjonen.
Fysioterapeut
Fysioterapeuten er oppteken av fysisk funksjon. Det er viktig å ta vare bevegelegheita i ledda, muskellengde og god kroppshalding. Dette bidreg til å halde vedlike funksjon, motverka smerte og sikre gode pusteforhold. Lungefysioterapi kan vere til god nytte ved ev. slimproblem. Ho kan gi deg råd og rettleiing i forhold til hjelpemiddel.
Ergoterapeut
Ergoterapeuten kartlegg dei problema sjukdommen kan føre til i kvardagen og i arbeidssituasjonen. Ho gir råd og rettleiing om korleis praktisk bustad- og arbeidstilpasningar med tekniske hjelpemiddel kan gjere det lettare å mestre daglegdagse gjeremål og ev. fortsette i arbeid. Hjelpemidel får ein gratis som varig lån frå Hjelpemiddelsentralen.
Logoped
Logopeden arbeidar med tale og kommunikasjon. Nokon kan ha nytte av lette muskeløvingar for å halde ved like talefunksjonen best mogleg. Logopeden kan informere om kommunikasjonshjelpemidel der det er til hjelp. I samarbeid med pasienten og Hjelpemiddelsentralen finn vi fram til det som passer best til den einskilde. Dersom du har svelgvanskar, kan logopeden gi informasjon og gode råd.
Ernæringsfysiolog
Ernæringsfysiologen kan vere aktuell for einskilde som får problem med å få i seg nok mat og drikke. Ein vurderer korleis kostholdet er og kan gi praktiske råd for å sikre fullverdig ernæring.
Nyttige lenker