På denne posten kan ein vera både innlagt og poliklinisk pasient. Sjå innkallingsbrevet om kva opphald du er registret på.
Vi tilbyr vurdering/treningsopphald for pasientar med nevrologisk sjukdom, gir avansert intravenøs behandling, utfører spinalpunksjonar og muskelbiopsiar.
Dagposten har også ein eigen Uropoliklinikk for utgreiing og behandling av urinvegsproblem.
På dagposten arbeider to overlegar, to legar i spesialisering og 6 sjukepleiarar med spesialkompetanse innan nevrologi. Vi har nært samarbeid med fysioterapeutar, sosionomar, ergoterapeutar, nevropsykolog, psykiater, seksjon for klinisk nevrofysiologi, urologisk avdeling og Nasjonalt kompetansesenter for MS.