Les meir om brukarstyrt digital avstandsoppfølging ved Nevroklinikken
Ulriksdal (for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene), sør for Haukeland (line 5, 6, 12 og 16E), Ibsensgate (arbeidsruter), Haukelandsveien (line 5,6 og 16E).
Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no
Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
OpningstiderMåndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00
Telefon 55 97 53 44Telefaks 55 29 07 40bergen@apotekene-vest.no
For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Les meir om besøksreglar på sjukehuset
På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.
Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.
Din forløpskoordinatorOm du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no
Pasientinformasjon
Les meir om
I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma er alltid ope, og er opne for alle.
Les meir om stilleromma
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Sjukehuset har ikkje forsikringsordningar som dekkjer tap av pasientane sine eigendelar. Vi rår deg difor til å la verdisakene ligge att heime.
Trygg oppbevaring ved akutt innleggingVerdisaker på meir enn kr 10.000 blir levert til Hospitaldrift sikkerheit for oppbevaring i safe der. Verdisaker med innhald verdt kr 10.000 eller lågare fylgjer deg til den avdelinga/posten som du skal vere på og du må sjølv passe på verdisakene dine.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.