Språkforstyrring: Korleis kommunisere betre med ein afasiramma?

Kva kan du gjera for å kommunisera betre med ein afasiramma?

  • ​Vis respekt for den afasiramma som ein vaksen, tenkjande, normalt reagerande, likeverdig person.
  • Prøv å setje deg inn i korleis han/ho må ha det med sine språkvanskar.
  • Vend deg i størst mogleg grad direkte til den afasiramma, sjølv om du veit at andre må hjelpa til med opplysningar – snakk ikkje over hovudet på han/ho.
  • Forsøk å stimulera med språk.  Snakk til personen, sjølv om vedkomande  ikkje snakkar sjølv.  Set ord på tinga ved stell og påkleding, måltider og liknande.
  • Les med den afasiramma, for eksempel avisa. Sjølv om personen ikkje ser ut til å kunna lesa noko sjølv, vil vedkomande sannsynlegvis bli stimulert og glad over at nokon går gjennom avisa med han/ho, peikar på orda i overskrifter, bilettekstar, annonsar osv. Mange kjenner igjen så mange ord at denne aktiviteten vil vera direkte lesetrening.
 

Korleis er det best å kommunisera med afasiramma?

  • Pass på at den afasiramma ser ansiktet ditt når du snakkar.  Personen oppfattar lettare det som blir sagt, når han/ho kan sjå munnbevegelsar, ansiktsuttrykk, blikk og kroppsspråk elles.
  • Gje den afasiramma god tid til å prøva og svara. Ver ikkje redd for pausar.
  • Snakk naturleg og på same måte som du har snakka til vedkomande tidligare. Snakk ikkje ekstra sterkt; hørselen er som før slaget.
  • Skift ikkje samtaleemne for brått.
  • Informer om det du trur den afasiramma ønskjer å vita. Husk at mange ikkje greier å stilla spørsmål.
  • Det er vanskeleg for ein med afasi å ha fleire på besøk samtidig. Han/ho klarer sjeldan å følgja med i det som blir sagt når fleire snakkar.  Den afasiramma blir fort sliten av å prøva å få med seg alt, og av å streva med å sei noko sjølv.
  • Still spørsmåla slik at det er lett å svara.  Sei ikkje ”vil du ha kaffi eller te?”, men ”vil du ha kaffi?”, ”vil du ha te?”.   Mange afasiramma forvekslar orda ja og nei, særleg i tidleg fase.  Sjå på ansiktsuttrykk og kroppsspråk elles, for å tolke det han/ho meiner, og bruk litt tid på å forsikre deg om at du har forstått vedkomande rett. 
  • Bruk fantasien når det gjeld å letta kommunikasjonen.
 

Papir og blyant kan vera lurt å ha for handa.  Sjølv om ein afasiramma ikkje greier å setja  ord på papiret kan denna kanskje kommunisera noko ved å teikna.  Dersom du har mistanke om han/ho ikkje forstår deg heilt, kan du teikna for å illustrera kva du meiner.
 

Nokre afasiramma forstår betre skrivne ord enn ord de høyrer.  Dessutan kan skriftlege beskjedar, spørsmål, informasjon til personalet eller andre besøkjande vera ei hjelp for den som sjølv klarar å formidle lite.
 

Eit album som viser den afasiramma, familien, bustad, ev. feriestad og arbeidsstad, osv., i tekst og fotografi, kan vera godt å ha og visa fram, både til personale og medpasientar, når det er vanskeleg å fortelja noko sjølv. 
 

Husk at kommunikasjon ikkje berre er ord.  Eit smil, eit blikk, eit håndtrykk, god kontakt og varme, kan sei meir enn mange ord.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.