HELSENORGE

Språkforstyrring: Kan afasi behandlast?

Alle som får språk- og talevanskar bør tilvisast logoped, som kan undersøkja kva slags språkskade det dreier seg om og kva det er å byggja på i behandlinga. Logopeden informerer den afasiramma, pårørande og andre i miljøet rundt, og prøver å gje råd og hjelp for å letta kommunikasjonen.

Behandlinga bør koma i gang så fort som mogleg. Behandlingsprinsippet er å henta inn att blokkerte ferdigheiter, og ikkje nyinnlæring. Logopeden brukar varierte teknikkar for å få fram blokkerte språkferdigheiter.  Den fyrste tida er det vanskeleg å seia noko om kor bra den afasiramma vil bli og kor raskt det vil gå framover. Nokon kjem seg raskt, men nokon må læra seg å leva med større eller mindre språkvanskar resten av livet.  Dei fleste opplever framgang i lang tid etter skaden. 

Betring av kommunikasjonsferdigheiter er det overordna mål for logopedbehandlinga. Det er difor ikkje berre dei reint verbale ferdigheitene ein konsentrerer seg om. Afasiramma  treng  å ta i bruk alle kommunikasjonskanalar, i tillegg til dei verbale: gester, teikn, mimikk, peiking, teikningar osv.  Dette vert kalla totalkommunikasjon.

Afasiramma har rett til opplæring iflg. Opplæringslova. Heimekommunen har ansvar for opplæringa etter at pasienten er utskriven frå sjukehuset.

Fann du det du leita etter?