Utgreiingsmottak (UMO) 1 og 2

Dei to utgreiingsmottaka tar imot akutt innlagte pasientar med uklare eller samansette sjukdomsbilde. Begge einingane ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Pasientane som vert lagt inn ved UMO 1 og 2 kan høyre inn under alle fagområde, men har forventa kort liggetid, inntil tre døgn. Målet er å sørge for at pasientane får rask utgreiing og behandling. Mange kan reise heim etter behandling hos oss. Dei som fortsatt treng behandling på sjukehus blir overført til ei av spesialeiningane.

Fann du det du leita etter?