Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

WESTCOR POC

WESTCOR POC-studien undersøkjer om bruk av pasientnær hurtigdiagnostikk (blodprøve) kan gje ein raskare avklaring av pasientar som kjem til akuttmottak med mistanke om akutt koronarsyndrom.

Foto: Helsesekretær i Akuttmottak gjør klart til å ta blodprøver
WESTCOR POC er ein vidareføring av WESTCOR-studien​, som såg på bruken av biomarkørar (blodprøver) for å raskare avklare om ein pasient har akutt koronarsyndrom. WESTCOR POC nådde målet om å inkludere 1500 pasientar i mars 2024, og inklusjonen er no avslutta. 
 

Studien er eit samarbeidsprosjekt mellom Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Hjarteavdelinga og Mottaksklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus. 

Kring ti prosent av alle pasientar i akuttmottak blir lagt inn på grunn av brystsmerter og spørsmål om akuttkoronarsyndrom (AKS). Av desse er det mindre enn ein av fire som har akutt koronarsyndrom.  
 
Når ein pasient kjem til sjukehus med brystsmerter og mistanke om AKS tar ein i tillegg til andre undersøkingar blodprøver for å sjå etter teikn på hjarteinfarkt. Den viktigaste blodprøvemarkøren for akutt hjarteinfarkt kallast troponin, og blir målt ved innkomst og på ny etter 1-3 timar.  
 
Svar på blodprøvene kjem som regel først etter 60-90 minutt, noko som betyr at dei fleste av pasientane vert lagt inn på sjukehus for å vente på blodprøvesvar.​

​I WESTCOR POC-studien skal ein teste ut om det er mogleg å bruke ein pasientnær hurtigprøve for å måle troponin (blodprøvemarkøren for akutt hjarteinfarkt). Med hurtigprøva vil ein få svar innan nokre få minutt.  
 
Studien skal undersøkje om bruk av den nye metoden for blodprøvetaking kan gje raskare avklaring i akuttmottak, om den kan påverke liggjetid, pasienten si oppleving av sjukehusopphaldet, og om det er meir kostnadseffektivt. Eit samtidig krav er at hurtigutgreiing skal vere like nøyaktig som standard utgreiing når det gjeld å fange opp alvorleg sjukdom.  

Studien er godkjent av Regional Etisk Komité (REK nr: 285544 ).  

 
Prosjektleiar 
 
Kristin M. Aakre, professor UiB, overlege avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Haukeland Universitetssjukehus 
​ 
 
Finansiering 
 
Studien er finansiert av forskingsmidlar frå Helse Vest: Open prosjektstøtte (F-12852) og PhD-midlar (F-13074). 

WESTCOR-studien, Helse Bergen

Thulin, Ingrid Viola Lavesson; Jordalen, Silje Marie, Farestveit, m.fl: Aiming towards evidence based interpretation of cardiac biomarkes in patient spresenting with chast pain using point of care testing (WESTCOR POC): study design.

Tjora, H: Aiming towards evidence based interpretation of cardiac biomarkers in patients presenting with chest pain : The WESTCOR study, BORA, Doktoravhandling om WESTCOR, 2022

Studien har inkludert 1500 pasientar i perioden mars 2022 til mars 2024. Alle pasientar som kom inn i akuttmottak ved Haukeland Universitetssjukehus med brystsmerter og spørsmål om akutt koronarsyndrom kunne bli spurt om dei ønskte å bli inkludert i studien.  
 
Ved samtykke vart pasienten ved hjelp av loddtrekning plassert i ei gruppe kor ein tok blodprøve med hurtigtest, eller i ei kontrollgruppe der ein tok blodprøver på vanlig måte.  
 
Ein vil registrere opplysingar som tid i akuttmottaket, total tid i sjukehuset og endeleg diagnose.   
 

Studien er godkjent av Regional Etisk Komité (REK nr: 285544 ).  

Prosjektleiar 

Kristin M. Aakre, førsteamanuensis UiB, overlege avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Haukeland Universitetssjukehus 
​ 

Finansiering 

Studien er finansiert av forskingsmidlar frå Helse Vest.  

WESTCOR-studien, Helse Bergen HF

Tjora, H: Aiming towards evidence based interpretation of cardiac biomarkers in patients presenting with chest pain : The WESTCOR study, BORA, Doktoravhandling om WESTCOR, 2022

 

Sist oppdatert 10.06.2024