Tilvising til Diagnostisk senter

Diagnostisk senter skal gi rask utgreiing der fastlegen mistenkjer alvorleg sjukdom, til dømes kreft. Utgreiinga skal i hovudsak skje poliklinisk. Senteret er organisatorisk knytt til Mottaksklinikken og har lokale i Korttidsposten. Senteret er bemanna med lege og koordinator/sjukepleiar fem dagar i veka, kl. 08 til 16.

 

​​​Kriterium for tilvising

Målgruppa for Diagnostisk senter er pasientar over 18 år med uspesifikke symptom på alvorleg sjukdom som det hastar å avklare. Pasientar som krev akutt innlegging blir ikkje vist til denne eininga. Sjukdomsbilete som vekkjer mistanke om alvorleg sjukdom varierer og kan vere tilvisande lege si kjensle av at pasienten er alvorleg sjuk. Ofte vil det likevel omfatte ein eller fleire av følgande primært nyoppståtte (i løpet av 6-8 veker) symptom utan klar forklaring:

  • ​​Allmenn sjukdomskjensle
  • Asteni
  • Større, utilsikta vekttap
  • Feber utan sikker årsak
  • Uforklarleg lav hemoglobin (anemi)
  • Diffuse skjelettsmerter
  • Ein eller fleire alarmerande laboratorieprøvar, som ikkje kan forklarast. 
  • Markant auke i talet på kontaktar med helsevesenet hos ein pasient som tidlegare ikkje har vore ein brukar av helsevesenets tenester i særleg grad
  • Markant auke i bruk av medisin (t.d. antibiotika eller analgetika) hos ein pasient som tidlegare ikkje har hatt behov for medisin i særleg grad
Om ein lege etter innleiande undersøkingar og laboratorieprøvar får mistanke om ein sjukdom i eit konkret organsystem, blir pasienten vist direkte til relevant poliklinikk/avdeling. Ofte vil det vere formålstenleg å diskutere med lege ved Diagnostisk senter før tilvising blir sendt. 

Før tilvising til Diagnostisk senter skal følgande utførast:

  • ​​Grundig anamnese
  • Temperatur, vekt
  • Grundig klinisk undersøking, inkludert inspeksjon av hud, palpasjon av ledd, lymfeknutar, mammae eller testes, gynekologisk undersøking og  ​rektaleksplorasjon.
  • Legen bør vere merksam på andre faktorar som kan forklare symptoma, til dømes primær psykisk sjukdom, polyfarmasi, biverknad av medikament eller demens.
  • Laboratoriediagnostikk: Hgb, MCV, MCH, leukocyttar m/diff, retikulocyttar, trombocyttar, CRP, natrium, kalium, kreatinin (eGFR), kalsium (total), albumin, glukose, bilirubin, ALAT, ALP, amylase, LD, TSH, FT4. PSA hos menn>50 år. Ytterlegare blodprøvar ut frå konkret mistanke.
  • Urinprøve (stix for glukose, protein, leukocyttar, nitritt og blod)
  • Fæces for blod (same metode som blir brukt til screening av tjukk-og endetarmskreft). Om denne prøven er positiv må ein vurdere tilvising direkte til Pakkeforløp for gastrointestinal kreft framfor Diagnostisk senter.
  • Tilvisande lege bør opplyse om røntgenundersøkingar tatt siste år i tillegg til tentativ diagnose/aktuelle differensialdiagnosar.

Tilvising

Tilvisinga skal merkast ”Diagnostisk pakkeforløp​ – Mistanke om alvorleg sjukdom” og adresserast til Diagnostisk senter. Tilvisande lege bør som hovudregel ringe lege, ev. pasientkoordinator ved senteret, før pasienten blir tilvist. Om tilvisinga ikkje blir sendt elektronisk må pasienten få med seg kopi. 

Tilvisande lege må avklare og formidle informasjon om komorbiditet hos pasienten, og om det er spesielle psykiske, fysiske eller sosiale forhold som kan verke inn på vidare behandling av pasienten. Døme på dette er behov for tolk, antikoagulasjonsbehandling som har tyding for biopsitaking, redusert nyrefunksjon som kan ha konsekvensar for i.v. kontrastmiddel ved radiologisk undersøking eller allergiar mot medikament eller kontrastmiddel. Korrekt og oppdatert medikamentliste må følgje med.

Tilvisinga bør ikkje vere prega av ”klipp og lim” frå tidlegare journaldokument.
Tilvisande lege er ansvarleg for at resultata frå innleiande utgreiing (t.d. blodprøvesvar) er tilgjengeleg for Diagnostisk senter.

Annan informasjon​

Pasienten vil bli kalla inn per telefon. Tilvisinga må difor innehalde TELEFONNUMMER TIL PASIENT (helst mobilnr.)​
Tilvisande lege skal drøfte den aktuelle situasjonen med pasienten og eventuelt pårørende og gi informasjon om at: 

  • ​​Det er mistanke om alvorleg sjukdom som kan vere kreft
  • På grunn av dette blir pasienten tilvist til Diagnostisk pakkeforløp som inneber utgreiing i sjukehus
  • ​Informasjon til pasienten om prøveresultat vil skje på sjukehuset
Legen kan etter vurdering oppmode pasienten til å ta med ein støtteperson til sjukehuset​.