HELSENORGE

For pasientar: Kva skjer når du kjem til Diagnostisk senter?

Ved Diagnostisk senter koordinerer vi gjennomføring av ulike undersøkingar for å avklåre om symptoma dine skuldast alvorleg sjukdom. Du blir fulgt opp av ein ansvarleg lege og ein pasientkoordinator, som sørger for at utgreiinga blir gjennomført så raskt og effektivt som muleg. 




Utgreiinga ved Diagnostisk senter er i hovudsak poliklinisk. Om du har lang reiseveg til sjukehuset, kan vi ordne rom til deg på Pasienthotellet under utgreiinga. 

Senteret ligg i 1. etasje i Sentralblokka. Ta rulletrappa opp éin etasje frå resepsjonen og følg skilting til Korttidsposten. Meld deg i luka når du kjem. 

Hugs å ha på mobiltelefonen i perioden du er til utgreiing. Det er viktig at du kan stille til undersøkingar på kort varsel.

​​​Første time​​​​​

Når vi har mottatt tilvising frå fastlegen din, kallar vi deg inn til ein første konsultasjon, kor vi sett av om lag éin time. 

Til avtalt tid møter du først sjukepleiar (pasientkoordinator), som målar blodtrykk, puls og vekt, og gir deg informasjon om kva som skal skje vidare. Deretter blir du undersøkt av lege. 

​​Plan for undersøkingar

Etter timen legg legen ein plan for kva som trengs av vidare utgreiing og undersøkingar. Pasientkoordinator bestiller timer til dei aktuelle undersøkingane, og kontaktar deg med informasjon om sjølve undersøkinga, samt kor du skal møte, tidspunkt, og om det er særlege førebuingar du skal gjere i forkant. 

Du vil få all informasjon via telefon - vi sender ingen informasjon i posten. 

Resultat og plan videre

Etter 2-5 dagar vil du vanlegvis vere ferdig med undersøkingane. Spesialistar og din ansvarlege lege vurderer resultata og diskuterer kva som skal skje vidare. 

Når vurderinga er ferdig får du ein ny time for samtale med lege og pasientkoordinator. Her får du informasjon om prøvesvar og plan for vidare oppfølging. 

Vi gjer som hovudregel ikkje prøvesvar over telefon. 

Om det er noko du lurar på under heile utgreiinga, kan du ringe din pasientkoordinator på telefon:  55 97 03 06.​

Fann du det du leita etter?