Diagnostisk senter er ein del av Mottaksklinikken ved sjukehuset.
Diagnostisk senter skal gi rask utgreiing der fastlegen mistenkjer alvorleg sjukdom, til dømes kreft. Utgreiinga skal i hovudsak skje poliklinisk, det vil seie utan innlegging i sjukehus.
Målet med Diagnostisk senter er:
- Raskare utgreiing
- Redusere talet på akutte innleggingar
- Samle utgreiinga til ei eining for å hindre at pasienten blir sendt rundt mellom avdelingar
- Å ha ein pasientkoordinator som følgjer pasienten gjennom hele utgreiinga
Diagnostisk senter har som mål å kalle inn pasienten innan 48 timer etter tilvising er mottatt. Vi tar sikte på at utgreiinga skal ta maksimalt 20 dagar frå tilvising er mottatt til avklaring. Avklaring kan vere ein eksakt diagnose, vidare utgreiing i ei bestemt avdeling eller å utelukke alvorleg sjukdom.
For å unngå mange turar til sjukehuset, vil ein ansvarlig lege og sjukepleiar nøye planlegge utgreiinga, og pasienten må vere budd på å legge andre planar til sides i denne perioden. Tilbodet er poliklinisk, men ved behov kan ein overnatte på pasienthotell/sengepost. Om legen etter ulike undersøkingar og laboratorietestar får mistanke om ein konkret alvorleg sjukdom, vil pasienten bli tilvist direkte til aktuell avdeling for behandling. Legen vil diskutere med andre spesialistar undervegs.