I Akuttmottak jobbar sjukepleiarar, legar og helsesekretærar. Det er tilsett rundt 80 sjukepleiarar med jamn fordeling mellom kjønna. Legane som arbeidar i Akuttmottak er tilsett på ei av dei kliniske avdelingane i sjukehuset. Helsesekretærane som arbeider hos oss er tilsett i Dokumentasjonsavdelinga.
Kva bakgrunn må ein ha?
Det vert krevd 2 års erfaring som sjukepleiar for å bli tilsett i Akuttmottak. På kvar vakt er det sjukepleiarar med definert kompetanse. Det vil seie at det er sjukepleiarar som har rett kompetanse til å vere ein del av traumeteamet, hjartestansteamet, mottak av akutt / kritisk sjuke eller skada, samt øvrige pasientar.
I Akuttmottak har vi følgande definerte sjukepleiarkompetansar: Pasientansvarleg sjukepleiar, triagesjukepleiar, koordinator, hjartestanssjukepleiar / hjartestansteam, traumesjukepleiar / traumeteam og vaktleiar.
Arbeidstid
I Akuttmottak er det 3-delt turnusarbeid med arbeidshelg kvar 3. veke.
Kl. 07.00 - 15.00 Dagvakt
Kl. 08.00 - 15.00 Dagvakt
Kl. 11.00 - 19.00 Mellomvakt
Kl. 14.45 - 22.00 Kveldsvakt
Kl. 21.45 - 07.15 Nattevakt
Sjå Video av intervju med tilsette
Sjukepleiar Anette Erichsen og Stig Rekdal fortel om jobben i Akuttmottak: