Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

– Vi skal stå klar når du treng det mest

Plutseleg kan ulukker skje. Då skal du vere trygg på at eit spisskompetent apparat står klart.

Luftambulanse på helikopterdekk.foto.
Av Eivind Hansen, administrerande direktør

I sommar var eg som vanleg i Nordfjord. Dei er fantastiske desse bygdene langs fjorden omkransa av fjell og dalar med breen inst inne og havet lengst ute. Det er mitt ferieparadis. På radioen er det NRK Sogn og Fjordane som er favoritten. God musikk og sommarlege innslag frå bygdene rundt i fjordfylket.

Innimellom vert idyllen forstyrra av dårlege nyhende om ulukker med ein eller fleire alvorleg skadde. Det kan vere bilulukker, ulukker i fjellet eller ved fjorden, arbeidsulukker osv. «...tre skadde, to alvorleg som er sende til Haukeland Universitetssjukehus...».
Portrett Eivind Hansen.foto

Eivind Hansen, administrande direktør


Slik er dessverre livet, det er ikkje fritt for at det dessverre skjer alvorlege hendingar med konsekvensar for liv og helse. Kvart år får Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK på Haukeland 45.000 naudtelefonar til 113. Det betyr i snitt ein samtale kvart 12. minutt heile døgnet, heile året.

Når eg høyrer om slike ulukker og alvorlege hendingar, går sjølvsagt tankane mine først og fremst til dei som blir ramma. Men min tanke går òg vidare og eg stiller meg raskt spørsmålet om vi på Haukeland har kapasitet og kompetanse tilgjengeleg.

Har den prehospitale kjeda med ambulansar, helikopter og kompetent personell fungert saman med lokalt redningsmannskap også denne gongen?  Har vi dei rette kirurgane tilgjengeleg på rett tidspunkt? Er det nok intensiv- og overvakingskapasitet?

Også denne sommaren er svaret på alle desse spørsmåla at det har fungert godt. 

Vi har vore på plass og vi har ordna det til slik at det har vore nok kapasitet til det uventa. Vi har stilt opp for våre på Vestlandet slik vi skal gjere. Heldigvis er det ikkje slik at alle pasientar på Vestlandet kjem til Haukeland. 

Det er flotte sjukehus langs heile kysten som tek imot pasientar heile tida. Poenget mitt er at i toppen av pyramiden er det nokon som skal ta det dei andre ikkje kan ta eller skal ta. Det mest alvorlege som krev stor kapasitet og spissa kompetanse. 
 
«Vi skal fungere som sjukehus i team,» seier helseministeren i Helse- og sjukehusplanen - og det gjer vi. Vi er ein svært godt fungerande kjede der vi møter dei akutt sjuke med ulike behov med ei stor bredde av tenester. 
 
Slik er det òg med annan sjukdom som krev spissa kompetanse og avansert behandling gjennom ein sommar. Sjukdom tek ikkje ferie, og vi må være klare til å gje den behandlinga pasientar treng. Dette merkar vi når sjukehusa på Vestlandet gjev gode medarbeidarar velfortent ferie.
 
Det er ikkje til å unngå at det kan bli vanskeleg å oppretthalde tilbod gjennom heile sommaren på alle lokasjonar på Vestlandet. Då vert det i fleire tilfelle regionsjukehuset som stiller opp slik at pasienten får eit tilbod også i ferietid. Haukeland universitetssjukehus har den rolla og skal fylle den rolla i tett samspel med dei andre sjukehusa på Vestlandet. 

Det er viktig å ha ein god kjede av sjukehus som samarbeider om å løyse oppgåvene kvar dag, heile veka året rundt. Og det er viktig å ha eit stort regionssjukehus i spiss som har kompetanse og kapasitet. 

Når det svært alvorlege skjer, må vi ha denne kompetansen samla på ein plass slik at vi kan trekke på mange fagmiljø i ein og same organisasjon. Då kan vi ikkje dele opp spisse funksjonar i små og lite robuste miljø. Vi må hegne om den store og spisskompetente organisasjonen som stadig kan ta imot når det verste skjer. 
 
Haukeland universitetssjukehus er ein slik stor og kompetent beredskapsorganisasjon som er klar når du treng det som mest. Vi har kapasitet og erfaring til å handtere det meste i tett samspel med andre aktørar. Eg er stolt av å leie ein slik organisasjon som alltid er klar. 

Framtidas akuttmedisinske tilbod

​Helse Bergen har som mål at alle skal få rask og kompetent hjelp ved akutt sjukdom og skade. Ved ei optimalisering av plasseringa av ambulansestasjonar og ein moderat auke av ambulansekapasiteten, vil ein vere nær ei oppfylling av måla for responstid. Dette blir anbefalt i Prehospital plan 2018-2035.
Les meir om prehospital plan i Helse Bergen
Ambulanser. Foto
Sist oppdatert 09.10.2018