Ta kontakt med personalet på avdelinga / poliklinikken og be om at det vert sendt ei elektronisk tilvising til sosionom.
Barn på sjukehus
Det er spesielle reglar når det gjeld pasientar under 18 år innlagt i sjukehus. Mellom anna rett til følgeperson (fortrinnsvis foreldre), skule, aktivitetstilbod m.v. Foreldre til sjuke barn skal også ha tilbod om samtale med sosionom. Alt er regulert i Forskrift om barns opphald i helseinstitusjon.
Barn som pårørande
I følge Helsepersonelloven § 10a og Spesialisthelsetjenesteloven § 3-7a skal kvar avdeling på sjukehuset ha barneansvarleg personell som skal ivareta barn som pårørande av psykisk sjuke, rusmiddelavhengige og alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar. Barneansvarleg personell har eit særleg ansvar for at barna til pasientane vert fulgt opp og tatt vare på.
Tilbod hos Sosionomavdelinga
Informasjon
- Gje informasjon, råd og rettleiing om trygderettar, økonomi, forsikringar m.v.
- Gje råd og rettleiing i forhold til arbeid, skule og heimesituasjonen.
Kontaktformidling
- Formidle kontakt med hjelpeinstansar utanfor sjukehuset, både offentlege og private. Til dømes NAV (trygd, arbeid, sosialteneste), boligkontor, forsikringsselskap m.m.
- Sosionomen kan bidra med å koordinere tenestene
Støttesamtalar
Samtalar om dei kjenslemessige reaksjonane som ulukke og sjukdom kan føre med seg, samt løysningsorienterte samtalar om eventuelle endringar i familie- og livssituasjon.
Undervising
Opplæring og undervising for pasientar og pårørande .
Relevante lenker
NAVHelfoLovdataPasientreiserPasientreiser - Ledsagar / reisefølgeHusbankenAvdeling for rusmedisin