Overvekt­poliklinikken

Vi tilbyr behandling til både vaksne og barn.

Les meir om Overvektpoliklinikken

Overvektpoliklinikken

 

Kriteria for å få behandling hos oss: 

  • Barn under 18 år med kroppsmasseindeks (KMI) over 35, eller KMI over 30 med tilleggssjukdom knytt til overvekt.
  • Vaksne over 18 år med KMI over 40, eller KMI over 35 med vektrelatert tilleggssjukdom (for eksempel diabetes, høgt blodtrykk, hjarte-karsjukdommar, belastningslidingar, søvnapné.

Desse kriteria er i tråd med Helsedirektoratet sin rettleiar.

Tilvising

Snakk med fastlegen din som kan tilvise deg til Poliklinikk for overvekt. Ansvarleg lege hos oss vurderer tilvisingar. Pasientar som fyller kriteria får innkalling til poliklinikken. For spørsmål om ventetid, kan du kontakte oss. 

Behandling for barn under 18 år

Du får snakke med lege før ei eventuell utrgreiing med barnepsykolog, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og helsesøster her hos oss.

Saman vil vi gå gjennom kvardagen din, og hjelpe deg å finne fram til endringar som kan betre helsa di. Dette tar om lag ein dag.

Deretter lagar vi ein oppfølgingsavtale til deg. Denne avtalen går vi gjennom saman med deg og familien din neste gong vi møtest etter om lag to veker.

Mål for behandlinga:

  • Bidra til å normalisere vekt og betre helse ved endring av levevaner.
  • Auka kunnskap skal bidra til motivasjon, meistring og sjølvhjelp.
  • Auka fysisk aktivitet
  • Endre kosthaldsvaner

For dei fleste er det naudsynt med vidare oppfølging i kommunen anten hos helsesøster eller fastlegen din.
Foreldra dine vil også bli involverte under heile behandlinga.

Etter om lag eit halvt år blir du på ny innkalt til lege hos oss. Vi kan følgje deg opp i frå 2 til 5 år dersom det er nødvendig.

Behandling for vaksne over 18 år

Du får tilbod om ein dags informasjonskurs. Deretter får du individuelle konsultasjonar med helsesøster eller lege. Dei fleste får tilbod om eit livsstilskurs.

Etter tverrfagleg vurdering får du anbefalt vidare oppfølging. Den kan vere eit tilbod i regi kommunehelsetenesta, i eit rehabiliteringssenter eller du kan få tilbod om fedmekirurgi.

Mål for behandlinga

  • Bidra til betre helse ved endring av levevaner og vektreduksjon
  • Auka kompetanse skal bidra til motivasjon, meistring og sjølvhjelp
  • Auka fysisk aktivitet
  • Endre kosthaldsvaner
  • Gi og motta støtte frå andre menneske i same situasjon

For å oppnå vektreduksjon er det nødvendig med redusert energiinntak og auka fysisk aktivitet. Det finst kun eit fåtal av legemiddel for behandling av fedme og desse krev tett oppfølging av lege.

Operasjon er siste utveg for å gå ned i vekt, og krev at du endrar både livsstil og matvaner. Berre då vil operasjon på sikt vere effektivt og du vil gå ned i vekt. Det kan vere fleire komplikasjonar knytta til ein fedmeoperasjon.

Kontakt

Oppmøtestad
Du finn oss i Ulriksdal helsepark, 2. etg.

Logg inn for å endre time

Telefon
55 97 00 20
Kvardagar kl 09.00 - 14.00

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.