Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utgreiing og behandling ved Søvnpoliklinikken

Her kan du lese meir om tilbodet ved Søvnpoliklinikken, og om utgreiing og behandling av ulike søvnsjukdommar.

Søvnpoliklinikken utgreier og behandlar i hovudsak pasientar med søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar og alvorlege hypersomniar. Utgreiinga av disse søvnsjukdommane krev som regel ei nattlig søvnregistrering

Søvnpoliklinikken har i lita grad eit tilbod for pasientar med andre søvnsjukdommar (insomni, døgnrytmeforstyrringar, parasomniar og restless legs), då desse i hovudsak skal handterast i primærhelsetenesta (f.eks. fastlege eller psykolog). Det vil berre unntaksvis vere trong for nattlige søvnregistreringer ved desse søvnsjukdommane. Her kan du lese meir om ulike søvnsjukdommar, og om kor du kan få hjelp til dine søvnproblem.

Du kan også finne mykkje nyttig informasjon om søvn og søvnsjukdommar på heimesidene til Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno).

 

 

    Vil du vite meir om søvn?

    På heimesidene til Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno), kan du finne mykje nyttig informasjon om søvn og søvnsjukdommar.

    Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno)
    En gruppe firkanter
    Sist oppdatert 07.05.2024