Informasjon til pasientar ved Søvnpoliklinikken
Før timen din ved Søvnpoliklinikken kan du bli bedt om å fylle ut eit spørjeskjema om søvn (sjå under). Det er veldig viktig at skjemaet er fylt ut, slik at du skal få best mogleg utgreiing og behandling av plagene dine.
Spørjeskjema
Du vil få tilsendt lenke til spørjeskjemaet via sms eit par veker før timen din. Skjema kan då fyllast ut på mobil, via innlogging med Bank ID. Om du heller vil fylle ut skjema på pc eller papir kan du følgje lenkene under:
Utgreiing og behandling
Søvnpoliklinikken utgreier og behandlar i hovudsak pasientar med søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar og alvorlege hypersomniar.
Les meir om utgreiing og behandlingSpørsmål og svar om behandling av søvnapné
Førsteval for behandling av søvnapné er CPAP (continous positive airway pressure). Ved Søvnpoliklinikken vil du få grundig innføring i og oppfølging for bruk av din CPAP. Apnéskinne, kirurgi og livsstilsendringar kan òg vere aktuell behandling for nokre pasientar.
Finn svar på dine spørsmål om behandling med CPAP, apnéskinne og kirurgi.
Forsking ved Søvnpoliklinikken
Alle som vert tilvist til Søvnpoliklinikken blir spurt om å delta i eit kvalitets- og forskingsregister.
Les mer om våre forskningsprosjektOm Søvnpoliklinikken
Søvnpoliklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus opna i mars 2011. Senteret ligg administrativt under lungeavdelinga, men blir drive i samarbeid med dei andre to fagavdelingane som driv utgreiing og behandling av søvnsjukdommar (øyre-nase-hals- og nevrologi/nevrofysiologi). I tillegg er det knytt tannlækjarar og ein psykiater til senteret.
Søvnpoliklinikken består dermed av eit tverrfagleg team av legar, sjukepleiarar og merkantilt tilsette frå fleire fagavdelingar. Desse har stillingane knytt til dei respektive avdelingane, men har heil eller delvis arbeidsstad ved senteret. Den unike samlokaliseringa av dei ulike fagavdelingane styrkjer kompetansen innan klinisk søvnmedisin til beste for pasientgruppa. Målet for Søvnpoliklinikken er å bli det leiande sjukehussenteret innan søvnmedisin i Norden.
Kontaktpersonar
Arbeidsgruppa
Bjørn Bjorvatn, overlege/professor og leiar Senter for søvnmedisin.
Kristel Svalland Knudsen, seksjonsoverlege lungeavdelinga.
Erlend Lundemo, overlege øyre-, nase- halsavdelinga.
Tom Eichele, avdelingssjef klinisk nevrofysiologiskavdeling.
Petter Sanaker, avdelingssjef nevrologisk avdeling.
Ingvild West Saxvig, forsker, koordinator forskingsdatabase.
Hilde Kristin Tveit, koordinator drift.
Årsrapportar