Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et par personer på et kjøkken

Medisinske obduksjoner

Obduksjonsverksemda er ein kvalitetskontroll av helsevesenet sin diagnostikk, behandling og pleie. I kvart tilfelle er det eit mål å avklare dei relevante medisinske problemstillingane og spesielle problemstillingar reist av rekvirenten.

Verksemda skal bidra til systematisk registrering av sjukdomsførekomstar og dødsårsaker, ein høgast mogeleg obduksjonsrate er derfor ønskeleg. Avdeling for patologi vil normalt kunne utføre obduksjon i alle tilfelle der det vert rekvirert.

Obduksjon inneber ei utvendig og innvendig undersøking av kroppen etter døden. Formålet er å etterkontrollere...

  • Sjukdommar avdøde leid av
  • Sjukdommen si utbreiing
  • Kva sjukdommen tydar for helsetilstanden til avdøde
  • Effekten av behandlinga
  • Dødsårsaka 

Resultata blir registrert i eit nasjonalt dødsårsaksregister. Ein påliteleg dødsårsaksstatistikk er avhengig av at talet på obduksjonar er høgt og representerer eit breitt og representativt utval av folkesetnaden. Sett i lys av dette er det urovekkjande at obduksjonsfrekvensen er synkande; i 1985 vart 20% av alle døde obdusert, medan talet i 2019 var på berre 3,4%.

Det er godt dokumentert både i Noreg og internasjonalt at medisinske obduksjonar i omlag 10% av høva avdekker viktige sjukdomsforhold som ikkje var kjent før pasienten døydde. Obduksjonar vil difor opne for fagleg ettertanke og diskusjon, samt avdekke diagnostisk treffsikkerheit og verknaden av behandlinga (kvalitetssikring på individnivå). På denne måten vil obduksjon tene som eit korrektiv til framtidig behandling av pasientar med liknande sjukdomsbilete. Målsetjinga er også at den totale obduksjonsverksemda skal fungere som etterkontroll og overvaking av den diagnostiseringa, behandlinga og pleia som helsevesenet vårt til ei kvar tid utfører (kvalitetssikring på systemnivå).

Sist, men ikkje minst, speler obduksjonar ei viktig rolle i opplæring av framtidige patologar. For å bli spesialist i patologi er eitt av krava at ein skal ha utført minst 120 obduksjonar, dette for å sikre tilstrekkeleg og variert erfaring med korleis både sjuke og friske organer ser ut. Både i Noreg og Europa er det mangel på patologar. Det er difor ei urovekkjande utvikling at synkande obduksjonsfrekvens kan bli ein flaskehals i spesialiseringsløpet for patologar.

Medisinske obduksjonar er obduksjon av personar som døyr på eller utanfor sjukehuset, desse blir rekvirert av lege, og er obduksjonar der politiet ikkje krev rettsmedisinsk obduksjon.  Både obduksjonar frå sjukehuset og utanfor sjukehuset kan det bli begjæret rettsleg obduksjon på.

Årleg vert det utført rundt 300 medisinske obduksjonar ved Haukeland Universitetssjukehus. 

Det er alltid to legar som har ansvar for ein obduksjon, ein lege i spesialisering og ein overlege. Ein obduksjon tar omkring 2 timar. Alle ytre skader og forandringar vert skildra. Deretter undersøker ein dei indre organa, inklusiv hjernen, og det vert teke vevsbitar til mikroskopering, samt evt. vevsvæsker til medikamentanalysar, biokjemiske og bakteriologiske prøvar etc. For helsepersonell er det viktig å hugse at dødsfall som kan skuldast feil, forsømming eller uhell ved undersøking eller behandling av sjukdom eller skade, rutinemessig skal meldast til næraste politikammer eller lensmannskontor.

Før obduksjon gjennomgår patologen tilgjengeleg informasjon om det aktuelle tilfellet, og sjukejournalen blir lese grundig.

Først gjer ein ei utvendig undersøking som inkluderer lengde og vekt. Patologen noterer alle ytre teikn på skade, til dømes operasjonsarr/-sår, blåmerke og stikkmerke. Deretter følgjer den innvendige undersøking av dei indre organa ved inspeksjon, palpasjon og disseksjon.

Representative vevsprøvar vert tekne frå nokre standardområde samt område der det er mistanke om sjukdom. Om situasjonen krev det, kan ein også ta prøvar av blod og urin, desse blir sendt til biokjemisk eller rettstoksikologisk undersøking. Det kan også vere aktuelt å ta prøvar til mikrobiologisk undersøkjing for påvisning av smitte, eller ta miltvev, blod eller vev fra akillessena for å sikre genetisk materiale.

Vevsprøvane som er tatt ut følger så framførings- og fargeprosedyren til biopsiar på Seksjon for biopsi. Deretter blir vevsprøvane undersøkte mikroskopisk. Obduksjonsfunna blir oppsummerte i ein skriftleg rapport som blir sendt til den som rekvirerte obduksjon.

Svarrapporteringstid:
Når obduksjonen er utført, blir det umiddelbart sendt eit foreløpig svar. 

Obduksjonsjournalen vil som regel ta fleire veker før sluttføring. Vi tilstreber at 95% av dei endelege obduksjonsrapportane skal vere ferdigstilte innan 60 kalenderdagar.

Ved obduksjon av foster blir det tilstreba å ha obduksjonsjournalen ferdig i løpet av 6-vekers tid, slik at journalen er klar når kvinna kjem til etterkontroll.

I samsvar med obduksjonsforskrifta skal dei pårørande informerast om moglegheita for at det blir gjort obduksjon og om moglegheita for å nekte. Annan nyttig informasjon om obduksjon kan ein finne i brosjyren Informasjonsbrosjyre til pårørende om obduksjon.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finner oss i 1. etasje i sentralblokka på Haukeland.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Åpningstider

  • I dag 08:00 - 15:00
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT