Serum/plasma skal som hovudregel separerast frå blodcellene innan to timar etter prøvetakinga. Følg laboratorierettleiinga
Analyseoversiken.no for korrekt behandling av enkeltanalysar.
Sentrifugering og framstilling av serum/plasma
- Etter koagulering skal prøvetakingsrøyra sentrifugerast i
ti minutt ved 2200g. Sjå
informasjon om sentrifugefart.
- Unngå å resentrifugere gelrøyr.
- Gelrøyr: Hugs å kontrollere at silikongelen legg seg som ein barriere mellom blodlekamane og serum. Heile prøvetakingsrøyret skal sendast til laboratoriet.
- Røyr utan gel: Serum skal overførast til eit transportrøyr innan to timar. Pass på at blodlekamane ikkje blir overførte til det nye røyret.
- Prøvetakingsrøyr med heparin, EDTA, citrat: Røyret kan sentrifugerast like etter prøvetakinga. Pipetter plasma over i transportrøyr og merk røyret med rett type plasma.
Haldbarheit
Alt prøvemateriale har avgrensa haldbarheit. Sjå
Analyseoversiken.no / rekvisisjonen.
Vanlegvis er det betre å oppbevare serum i kjøleskap til måndag morgon enn å sende dei i posten fredag ettermiddag. Ver merksam på haldbarheita ved sending over helga.
Merking og sending av prøvar
Handbok prøvetaking
Blodprøvetaking | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/blodprovetaking | Blodprøvetaking | Venøs og kapillær blodprøvetaking | 29.06.2016 22:00:00 |
Pasientførebuing | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/pasientforebuing | Pasientførebuing | | 29.06.2016 22:00:00 |
Pasientidentifikasjon og merking av prøvar | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/pasientidentifikasjon-og-merking-av-provar | Pasientidentifikasjon og merking av prøvar | Ta prøve av rett pasient og merk prøven korrekt. | 29.06.2016 22:00:00 |
Prøvar som blir avviste | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/provar-som-blir-avviste | Prøvar som blir avviste | Prøvar som ikkje tilfredsstiller dei preanalytiske krava, blir avviste. Kriterium som skal føre til at ein blodprøve blir avvist: | 30.06.2016 22:00:00 |
Prøvebehandling | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/provebehandling | Prøvebehandling | Dei fleste laboratoriekomponentane blir analyserte i serum. For å få serum må blodprøven takast på gelrøyr eller røyr utan tilsetjing, og prøven må sentrifugerast. | 29.06.2016 22:00:00 |
Rekkefølge på røyr til blodprøvetaking | https://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/medisinsk-biokjemi-og-farmakologi/handbok-i-blodprovetaking/rekkefolge-pa-royr-til-blodprovetaking | Rekkefølge på røyr til blodprøvetaking | Rekkefølga er viktig for å unngå å overføre tilsetjingsstoff (citrat, heparin, EDTA etc.) frå røyr til røyr. | 29.06.2016 22:00:00 |