C - Prøvar som blir avviste
Prøvar som ikkje tilfredsstiller dei preanalytiske krava, blir avviste.
Kriterium som fører til avvisning av blodprøver:
- Ufullstendig eller manglande pasientidentifikasjon
- Manglande samsvar mellom rekvisisjon og merkinga av prøvetakingsrøyr
- Feil prøvemateriale eller feil prøvetakingsrøyr
- Manglande dato og tidspunkt for prøvetakinga
- For gammalt prøvemateriale
- Feil prøvevolum (til dømes feil blodmengd i citratrøyr)
- Koagulerte prøvar (gjeld til dømes hematologi- og koagulasjonsanalysar)
- Feil oppbevaring av prøvetakingsrøyr (lys og temperatur)
I tillegg blir det målt serumindeks på alle prøver til klinisk kjemi. Serumindeks undersøker hemolyse, ikterus og lipemi i prøven. Ein høg serumindeks vil ekskludere enkelte analysesvar.
Handbok prøvetaking
Sist oppdatert 15.09.2023