Anafylaktiske reaksjonar under anestesi

Kirurgiske inngrep kan innebere eksponering for fleire moglege allergen, som anestesimiddel, blodprodukt, antibiotika, desinfektiva og andre legemiddel, lateks og fargestoff. Anafylaksi er en sjeldan, men potensielt alvorleg, komplikasjon ved kirurgi.

Operasjon
 

Anestesimiljøet i Noreg, med anestesilege og professor Anne Berit Guttormsen i spissen, har i ein årrekke systematisk forska på og arbeidd med anafylaksi under anestesi. Nettverk for alvorlige allergiske reaksjonar under anestesi (NARA) har heva merksemda rundt anafylaktiske reaksjonar på operasjonsstover omkring i landet. Etter anbefaling frå NARA har mange anestesiavdelingar ein «anafylaksipakke» liggjande klar på operasjonsstova, som gjer det enklare å sikre laboratorieutgreiing og dermed korrekt oppfylging vidare.

Ved mistanke om anafylaktisk reaksjon under anestesi kan blodprøvar sendast for laboratorieutgreiing til Anafylaksiregisteret ved Haukeland universitetssjukehus. Det skal takast ein akuttprøve 1-4 timar etter symptomdebut, og vidare ein basalprøve ≥12 timar etter symptoma inntrefte (eventuelt kan man bruke en prøve tatt før reaksjonen). Reaksjonen blir då registrert i Anafylaksiregisteret.

Eksterne rekvirentar fyller ut rekvisisjonsskjema, inkludert kliniske opplysingar. Rekvirentar internt på Haukeland universitetssjukehus nyttar sjukehusets elektroniske journalsystem. Vi ynskjer at kopi av anestesijournal blir sendt inn i begge tilhøve.

I analysepakken inngår s-tryptase, s-total IgE og s-IgE mot Suxamethonium, Folkodin, klorhexidin og lateks. Laboratoriet kan i tillegg analysere antistoff mot andre mistenkte medikament eller gjere manuelle allergianalysar på førespurnad. Kontakt oss i så fall på tlf 55970857 eller 55973140. Svar på laboratorieutgreiing kjem i form av skriftleg kommentar til rekvirenten.

Rekvisisjonsskjema for anafylaktisk reaksjon under anestesi

For meir informasjon om perioperativ anafylaksi, sjå professor Anne Berit Guttormsens artikkel fra Allergi i Praksis

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.