Anafylaksiregisteret

Anafylaksiregisteret er eit kvalitetsregister tilhøyrande Haukeland universitetssjukehus. Registeret har som mål å auke kunnskapen om anafylaksi og betre helsetenesta for dei som blir ramma. Alle anafylaktiske reaksjonar kan meldast til registret, som reaksjonar mot anestesi og andre legemiddel, mat, insektsstikk eller andre allergen.
Les meir om Anafylaksiregisteret

Anafylaksiregisteret

Anafylaksi kan få store negative konsekvensar for den pasienten det gjelder. Mangelfull utredning kan gje auka risiko for ny hending og usikkerhet omkring utløysande årsak til reaksjonen skaper frykt som kan gje redusert livskvalitet. Usikkerhet omkring utløysande årsak til behandlingsrelaterte anafylaksier kan også påvirke pasientens livsutsikter som følgje av avslutta eller endra behandling.

Anafylaksiregisteret er etablert for å overvåke handtering undervegs og i etterkant av akutt anafylaksi og for å bidra til at pasientar vert utreda og behandla etter gjeldande retningslinjer. Det skal bidra til å rette fokus mot effektiv initialbehandling og diagnostikk, oppfølgande allergologisk utredning og optimal informasjonsflyt mellom omsorgsnivåa, samt med pasientane og deres pårørande.  Resultatmål inkluderer svar på laboratorieanalyser, kliniske utfallsmål og pasientrapporterte effektmål.

Registeret har tre hovedmålsettingar:

  1. Å fremme en einhetlig diagnostikk og behandling av anafylaktiske reaksjonar.
  2. Å forbetre helsetenesta for pasientar med akutt anafylaksi, ved å registrere og måle resultat av diagnostiske tiltak og behandling.
  3. Å gje informasjon om førekomst og gjentagingsrisiko for anafylaksi samt overvåke og identifisere utløsande årsak til anafylaksi.

Organisasjon

Anafylaksiregisteret er en del av verksemda til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus.

Registeret er eit lokalt kvalitetsregister godkjent av Personvernombodet ved Haukeland universitetssjukehus (Id nr: 2016/9007) og registrert ved Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest.

Leiar av registeret er overlege Torunn Oveland Apelseth ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi.

Kontakt

Oppmøtestad
Anafylaksiregisteret er organisert under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
Telefon
55970857 / 55973140 (praktiske spørsmål)
55973092 (faglege spørsmål)
Laboratoriebygget
Besøksadresse
Laboratoriebygget på Haukeland(Google maps)
  • Kva er anafylaksi?

    Anafylaksi blir definert som ein alvorlig, livstrugande generalisert eller systemisk overfølsemdsreaksjon.

  • Akutt laboratorieutreiing

    Anafylaksi er ein klinisk diagnose, og blodprøvetaking må ikkje forhindre eller forsinke akutt behandling. Blodprøvar kan likevel gje viktig informasjon, sjølv om dei ikkje blir analysert før i ettertid.

  • Anafylaktiske reaksjonar under anestesi

    Kirurgiske inngrep kan innebere eksponering for fleire moglege allergen, som anestesimiddel, blodprodukt, antibiotika, desinfektiva og andre legemiddel, lateks og fargestoff. Anafylaksi er en sjeldan, men potensielt alvorleg, komplikasjon ved kirurgi.

  • Anafylaktiske reaksjonar mot mat

    Allergiske reaksjonar mot mat medfører betydelege helseplager i befolkninga. Førekomsten er størst hos barn, men matallergiar rammar alle aldersgrupper.

  • Anafylaktiske transfusjonsreaksjonar

    Transfusjon med blodprodukt skal normalt gå utan nemneverdige komplikasjonar. Biverknadar kan likevel oppstå både under og i etterkant av gjennomført transfusjon. Ein sjeldan, men potensielt alvorleg årsak til transfusjonsreaksjonar er anafylaksi.

  • Behandling

    Behandlinga bør starte umiddelbart om ein mistenker ein anafylaktisk reaksjon. Tilkall hjelp om nødvendig. Fjern om mulig utløysande årsak.

  • Lenker

    Me har samla nokre lenker til andre nettstadar som kan være interessante for helsepersonell og/eller pasientar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.