Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samtalar om seksualitet for kvinner.

Sexologisk rådgiving

For mange menneske er seksualitet ein viktig del av livet og kan vere ei kjelde til lyst og glede, intimitet og nærleik. Verdas helseorganisasjon definerer seksualitet som ein del av menneske sin livskvalitet og eit viktig aspekt i forhold til eiga helse.

 

 

Grafisk illustrasjon av sittende kvinne.
Colourbox.com

Når kroppen endrar seg

Forholdet mellom kropp og seksualitet er tett, og det er ikkje uvanleg å få eit annleis forhold til seksuallivet når kroppen blir endra. Det kan skje ved graviditet, fødsel, kroppsleg skade, sjukdom, operasjon, eller behandling. Biverknader av medisinar kan føre til kroppslege endringar som påverkar sjølvbilde, forhold til kropp og relasjon til ein partnar.

Seksualitet er for mange eit sårbart og tabubelagt tema. Like fullt påverkar det eiga oppleving av livskvalitet og er derfor ein viktig faktor i livet for dei fleste av oss. Undersøkingar viser at dei fleste kan ha glede av sitt seksualliv også etter endringar som følge av fødsel, sjukdom eller behandling.

Ein sexologisk rådgivar er utdanna til å møte alle sider ved mennesket sin seksualitet. Gjennom samtalar kan du få auka innsikt og forståing for din eigen situasjon. Sexologen kan gi råd i forhold til dei utfordringane som du opplever. Du kan få hjelp til å betre forholdet både til eigen seksualitet og til parseksualitet. Rådgivaren kan også samarbeide med fysioterapeut, lege eller anna helsepersonell ut frå den enkelte sine behov. 

Sexologisk rådgivar ved Kvinneklinikken har formell utdanning godkjent av NACS (Nordisk foreining for klinisk seksologi), og har frå tidlegare mange års erfaring som sjukepleiar ved Kvinneklinikken.
Samtalane går føre seg ved gynekologisk poliklinikk og det er sett av ein klokketime til kvar samtale. Det varierer kor mange samtalar den enkelte har behov for, så det blir avtalt etter kvart. Sexologisk rådgivar har teieplikt.

Tilbodet er opent for alle kvinner, uavhengig av om du har vore pasient på Kvinneklinikken eller andre avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus. Du treng tilvising frå lege.

Dersom du treng å endre time kan du gå inn på
www.helsenorge.no/min-helse og logge deg inn på “timeavtaler”. 

Slit du med urinlekkasje?

Mange gruer seg for å ta opp problemet med legen fordi dei opplever dette som flaut. Urinlekkasje er eit problem som rammar 200-300.000 menneske i Noreg. 75 prosent av desse er kvinner.
Les meir om behandling for urinlekkasje
Eldre kvinne mater endre ved vann sammen med liten gutt og jente. Foto
Sist oppdatert 18.06.2024