HELSENORGE
Gynekologi og gynekologisk kreft

Urinlekkasje hos kvinner

Urinlekkasje (urininkontinens) er ein tilstand der du vert plaga av ufrivillig urinavgang. Ca. 25% av norske kvinner har slike plager i større og mindre grad. Dei vanlegaste behandlingsmetodane er blæretrening, trening av bekkenbotnen, medikamentell behandling eller operasjon.


 


 

Ventetider

Innleiing

Urinlekkasje blir delt inn i tre typar:

  • Stressinkontinens eller lekkasje når du anstrenger deg.  Lekkasje av urin ved auka trykk i buken som for eksempel når ein hostar eller hoppar. Denne typen er den vanlegaste hos yngre kvinner.

  • Urgeinkontinens eller hastverkslekkasje. Plutseleg og sterk vannlatingstrong som ofte fører til lekkasje. Denne typen er den vanlegaste hos eldre kvinner.

  • Blandingsinkontinens. Mange kvinner er plaga med både stress- og urgeinkontinens, ein blandingsinkontinens.


Tilvising og vurdering

Tilvisinga blir prioritert av lege som vurderer om du får tilbod om behandling ved sjukehuset eller ikkje. Du vil få tilsendt eit skjema for vatnlating / bleieveging som du må levere innan 3 veker for å få time. Det er eit mål at dei fleste pasientar med urinlekkasje skal starte behandling innan 3 månader etter at tilvisinga er tatt i mot ved sjukehuset. Legen vurderer om du treng raskare behandling.

 

Utgreiing

 Du vil få time hos uroterapeut / sjukepleiar før du får time til gynekolog.

Utgreiing hos uroterapeut

Hos uroterapeuten blir det gjort undersøkingar som kartlegg blæra sin funksjon samt mengde urinlekkasje. Dette blir gjort med ulike testar. Undersøkinga tar ca. 30-60 min.

Vurdering hos gynekolog

Gynekologen vil spørje deg om plagane dine og det vil bli gjort ei gynekologisk undersøking. Gynekologen vil anbefale vidare behandling. Timen tar ca. 20-30 minutt. Det er lurt å ha med ei oppdatert liste over kva for medisinar du bruker.

Utgreiing hos uroterapeut og time til gynekolog kan vere på ulike dagar, eller du får time til begge same dag. Det vil stå i innkallingsbrevet kva som er planlagt for deg. Nokon vil også få tilbud om time til fysioterapeut same dag.

Aktivitet etter undersøking

Etter undersøkinga kan du vere i normal aktivitet, og du kan gå på jobb.

Vidare plan

Alt etter kva funn som blir gjort i utgreiinga, vil helsepersonell ta stilling til kva slags behandling som blir anbefalt vidare.

 

Behandling

Gynekologen vil ta stilling til kva slags behandling du skal ha. Etter overgangsalderen anbefaler ein alle med urinlekkasje å nytte lokale østrogen. Dette for å styrke slimhinna, førebygge blærebetennelse og dempe ei overaktiv blære. Overvektige blir anbefalt å gå ned i vekt. Medikamentell behandling kan ha effekt hos enkelte ved hastverkslekkasje og kan i så fall startast opp like etter at du har vore hos lege. Legen vil i så fall gje deg resept på dette.

Trening av bekkenbotnen vil ha effekt hos mange, spesielt dei som er plaga med lekkasje når dei anstrenger seg. Legen vil vurdere om du skal få time hos fysioterapeut som har spesialkompetanse på dette. Du kan starte med bekkenbotntrening med ein gong.

Blæretrening og andre tiltak for å betre toalettvanane kan hjelpe mange. Uroterapeuten vil snakke med deg om dette.

Ved lekkasje når du anstrenger deg, kan operasjon vere eit alternativ dersom trening eller andre tiltak ikkje har hatt ønska effekt. Den mest vanlege operasjonsmetoden ved slik lekkasje er TVT eller ulike variantar av den.

Enkelte pasientar må prøve ulike typar behandling før vi når målet. Andre behandlingar vi bruker er elektrostimulering, bulkamid, botox eller operasjon for blæreframfall.

Les meir om

 

Oppfølging

 

Det er inga spesiell oppfølging etter behandling av urinlekkasje hos kvinner.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Daglige rutiner på sengeposten

​Legevisitt skjer vanlegvis mellom kl. 09.00-12.00, og vi har vaktskifte mellom kl. 14.30 og 15.00.

Mattilbod

​På sengepost har vi bufféservering i spisesalen som vi deler med Seksjon for generell gynekologi:

Kl. 08.00-10.00 Frukost
Kl. 12.00-13.00 Lunsj
Kl. 16.00-17.00 Middag
Kl. 20.00-21.00 Kvelds 

Behandling hos oss kan og vere ikkje-operativ behandling. Døme på det er hormonbehandling, cellegift og strålebehandling. Strålebehandling blir gitt på Seksjon for stråleterapi ved Kreftavdelinga, etter du har vore gjennom ein utgreiing og har blitt undersøkt hos oss.  

Overnatting

​Seksjonen har eit godt samarbeid med Haukeland Hotell og fleire av pasientane som blir behandla hos oss bur der. Pårørande har også moglegheit til å overnatte på hotellet.

Sjå nettsida til Haukeland hotell

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?