Bestilling av time
Det er Innleggingskontoret ved Kvinneklinikken som tildeler timar til operasjon ved Dagkirurgisk eining. Timebestilling og eventuelt endring av time vert gjort ved Innleggingskontoret.
Du er også velkomen til å ringje oss på telefon 55 97 42 92 eller 55 97 42 21 om det er noko anna du treng meir informasjon om.
Før operasjon
Pårørande kan gjerne følgje deg til avdelinga. Dersom dei ønskjer det, har dei høve til å vente / opphalde seg i 1. etasje. Når du er klar til å reise heim etter inngrepet, må nokon hente deg. Du må òg ha nokon hos deg det første døgnet etter at du er operert. Er dette eit problem, må du informere om det til sjukepleiar på Innleggingskontoret før operasjonen.
Hugs å fylle ut pasientopplysningsskjemaet - og ta dette med deg på operasjonsdagen.
Faste
Du må faste frå klokka 24.00 kvelden før operasjonen. Det betyr at du ikkje kan ete, røykje, bruke snus, drops eller tyggjegummi. Du kan gjerne drikke vatn og saft inntil klokka 06.00 på operasjonsdagen.
Medisinar
Ta med alle dine faste medisinar på operasjonsdagen. Du får beskjed av legen om kva medisinar du kan ta, og kva medisinar du ikkje bør ta. Bruker du Marevan eller annan blodfortynnande medisin må du kontakte oss to veker før operasjonen for å avtale eventuell nedtrapping.
Hygiene
For å redusere infeksjonsfare, er det viktig at du dusjar same morgon som du møter til dagkirurgi. Unngå å bruke bodylotion, feit ansiktskrem eller sminke, og ikkje ta på deg neglelakk.
Du bør ikkje ha på deg smykke / piercing eller klokke. Vi ber deg også om ikkje å bruke kontaktlinser denne dagen - bruk heller briller.
Helse
Om du er forkjøla eller har blitt sjuk av andre grunnar når avtala nærmar seg, må du gi beskjed.
Har du vore innlagt på sjukehus i utlandet dei siste 12 månadene, må du gi beskjed til Inntakskontoret på telefon 55 97 42 46.
Verdisakar
Sjukehuset kan ikkje ta på seg ansvar for verdisakar. Vi rådar deg derfor til ikke å ta med det annet enn det du har bruk for.
Transport
Du kan ikke køyre bil sjølv heim frå sjukehuset. Nokon må hente deg, og vere saman med deg fram til neste morgon. Treng du drosje heim, kan sjukehuset bestille. Du må sjølv dekkje beløpet.
Ventetid
Oppmøtetid er ikkje det same som operasjonstid. Du må derfor vere forberedt på at det kan bli venting. Ta gjerne med deg lesestoff eller anna tidsfordriv.
Betaling
Du kan betale med kort eller få med deg ein giro heim.
Våre ønske og mål
- Pasienten først. Dagkirurgisk eining skal vere ei pasientorientert verksemd som gjennom engasjerte medarbeidarar og effektive helsetenester gir pasientane ein betre kvardag.
- Kvalitet. Vår avdeling skal vera det føretrekte valet hos pasientar, så vel som hos medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
- Effektivitet. Vi ønsker å vere kjende for ein samanhengande pasientgang som medverkar til betre ”flyt” for pasientane våre.
- Mindre etterverknader. Våre tenester skal betre helsa, auke livskvaliteten og fremme eiga meistring hos pasientane. Nye operasjonsmetodar saman med førebuande anestesimetodar(bedøving) gjev mykje mindre etterverknader, som gjer at pasientane blir fortare friske og at dei får meir ansvar for si eiga helse etter operasjonen.
- Tryggleik. Den einskilde pasient blir tatt godt hand om. Ho blir tett følgt opp av same sjukepleiar både før og etter operasjonen. Ein sjukepleiar ringjer pasienten neste dag for å høyre korleis ho har det.
- Tilfredsheit. Avdelinga vil også gjennomføre pasienttilfredsheitundersøkingar. Formålet med slike undersøkingar er å få vite meir om pasientane sine erfaringar med behandlinga. Målet er å stadig bli betre, og pasientar sine erfaringar og tilbakemeldingar er gull verd.