Gynekologi
Kreftforsking innan gynekologi tar utgangspunkt i sjukdomsforløp og behandling. Gynekologisk kreft oppstår i livmor og eggstokkar. Ved Kvinneklinikken har vi fleire forskingsprosjekt som studerer endringar i blod, vev og andre kroppsvæskar frå pasientar med slike svulstar.
Tidleg abort-studie
Er du tidleg gravid i veke 4-5 og ønskjer abort før veke 6? Då kan du delta i dette forskingsprosjektet om veldig tidleg medikamentell abort.
Les meir om veldig tidleg medikamentell abort-studien
FORECEE-prosjektet
FORECEE er eit forskingsprosjekt som har som mål å kartleggje kva risiko kvinner har for å utvikle kreft i bryst, eggstokkar, livmor og livmorhals.
Forskingsprosjektet er unikt i sitt slag ved at ein ser både på arvelege faktorar (mutasjonar i arvestoffet), faktorar som bakterie/virus infeksjonar i tillegg til miljø og livsstils faktorar.
Les meir om FORECEE-prosjektetBergen gynekologiske kreftforskingsgruppe
Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe vert leia av Professor Jone Trovik, og omfattar leger, cellebiologar, bioingeniørar, farmasøyt, veterinær, fysikar og studiesjukepleiarar.
Formålet med forskinga er å få betre kunnskap om korleis underlivskreft oppstår og utviklar seg, og dermed kunne gje ei betre og meir målretta behandling for kvar enkelt pasient.
Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe si heimeside
Kartlegging og testing
Endringane undersøkjast i relasjon til sjukdomsforløp og om svulsten svarar på behandling. Blant anna blir det gjort ei omfattande kartlegging av endringar både i «mor» - og spreiingssvulstar.
Identifiserte moglege mål for behandling vert studert vidare i modellsystem som eignar seg for testing av medisinar før desse kan bli tatt vidare til utprøvande pasientbehandling.
Nye metodar
Nokre pasientar vert også undersøkte med moderne avbildingsmetodar (MRI, PET/CT) for å undersøke nytta av desse. Det overordna målet er å finne fram til betre og meir tilpassa utreiing og behandling ved gynekologisk kreft.
Miljøet er knytta til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), eit senter for framragande forsking (SFF) ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen.
For meir informasjon kan du kontakte studiesjukepleiar Ellen Valen på telefon 55 97 42 00.
Ulike delprosjekt
Prøvar frå pasiantar behandla for (mistenkt) gynekologisk kreft inngår i ulike studiar:
The Ovarian Cancer Association Consortium (OCAC)
The Cancer Genome Atlas
Oppslag i media
Har gjort viktige funn for bedre behandling av livmorhalskreft - Aftenposten 25.12.13
Melecular profiling of primary compared to metastatic lesion in gynaecologic cancers - Intervju med professor Helga Birgitte Salvesen, eCancerTV 31.10.13
Targeted treatments in endometrial cancer - Intervju med professor Helga Birgitte Salvesen, eCancerTV 14.10.13
Kreftforeningen støtter forsking på celleprøver for å forebygge gynekologisk kreftFødeseksjonen
Ved Kvinneklinikken har vi fleire forskingsprosjekt om graviditet.
Bergen Birth study
Vil du delta i ein forskingsstudie for å identifisera risikofaktorar for fødselsskader? Vi ønskjer å finne ut kor mange som får fødselsskader, i tillegg til kva slags plager kvinner som har hatt behov for hjelp med anten tang eller sugekopp, opplever første året etter fødsel.
Les meir om Bergen Birth study
Covid19-infeksjon
Verdas helseorganisasjon (WHO) ønsker at vi bidreg med forsking når nye virus forårsakar utbrudd.
Influensasenteret har, i samarbeid med WHO, starta eit forskingsprosjekt på COVID-19 virusutbruddet i Noreg. Det er svært begrensa kunnskap om gravide, deira foster og nyfødte, og COVID-19 infeksjon. Difor spør vi deg som er gravid og skal føde om å delta i prosjektet.
DiaDoppler
Vi ønsker å lære meir om diabetes og graviditet. Derfor har vi starta eit forskingsprosjekt som heiter DiaDoppler. I studien vil vi undersøke fosterutviklinga ved hjelp av ultralydteknikken Doppler.
Om du har diabetes og er gravid, er risikoen for komplikasjonar i svangerskapet og under fødsel større enn elles. Gjennom DiaDoppler-studien kan vi få ny innsikt i kvifor det er slik.
Les meir om DiaDoppler-studienConimpreg-studien

Conimpreg (Conception-implantation interval in pregnancy) er ein studie der vi ønsker å finne fosterets nøyaktige alder, utvikling, lengda på svangerskapet, barnets vidare vekst etter fødsel og kva slags faktorar som påverkar dette.
Dette vil vi vite meir om fordi vi trur at viktige føresetnader for helseutviklinga til barnet seinare i livet, blir lagt allereie i den tidlegaste fasen av svangerskapet.
Les meir om Conimpreg-studien Graviclot-studien
GRAVICLOT er ein studie der vi skal undersøke endringer i ulike blodprøvesvar utover i graviditeten og etter fødsel hos gravide. Dette er blodprøvesvar som har med risiko for blødning og blodpropp å gjøre, og markører som kan påverke nivået av desse.
Dette ønskjer vi å undersøke for å sjå om endring i ulike blodprøvesvar kan skille mellom grupper av gravide med og utan risikofaktorer for blodpropp. Vi ønskjer å finne ut om desse blodprøvesvara blir påvirka av anna sjukdom, betennelse eller hormoner. Vi ønskjer å følge blodprøvesvara utover i svangerskapet og etter fødsel for å betre kunne tolke prøvesvar ved graviditet.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Kvinneklinikken og Laboratorieklinikken på Haukeland.
Les meir om Graviclot-studien