GRAVICLOT har no avslutta inklusjon av nye kvinner i studien.
Nokre kvinner har auka risiko for blodpropp i familien. Dette gjer at det i enkelte tilfelle blir tatt blodprøver av unge jenter og kvinner for å vurdere eigen risiko.
Dette kan vere Faktor V Leiden mutasjon, eller mangel på protein C eller protein S.
GRAVICLOT er ein studie der vi skal undersøke endringar i ulike blodprøvesvar utover i graviditeten og etter fødsel hos gravide. Dette er blodprøvesvar som har med risiko for blødning og blodpropp å gjere, og markører som kan påverke nivået av desse.
Dette ønskjer vi å undersøke for å finne ut om endring i ulike blodprøvesvar kan skille mellom grupper av gravide med og utan risikofaktorer for blodpropp. Vi ønskjer å finne ut om desse blodprøvesvara blir påvirka av anna sjukdom, betennelse eller hormoner. Vi ønskjer å følge blodprøvesvara utover i svangerskapet og etter fødsel for å betre kunne tolke prøvesvar ved graviditet.
Informasjonsskriv og samtykkeerklæring
Kven kan delta?
Om du kan svare ja på desse utsegna, er du ei av dei vi gjerne vil komme i kontakt med:
- Eg har fått påvist Faktor V Leiden mutasjon, Protein C mangel eller Protein S mangel eller har familiemedlemmer med blodpropp i ung alder
- Eg er gravid, før svangerskapsveke 14
- Eg har ikkje allereie fått påvist tvillingsvangerskap
- Det er ikkje allereie bestemt at eg skal ha blodfortynnande behandling i graviditeten
Kva skjer om du seier ja til å delta?
- Det skal tas 4 blodprøver i graviditeten og 3 etter fødsel.
- Det vil bli utført ein ekstra ultralyd av gynekolog i veke 24 – 28 for å undersøke morkakefunksjon
- Blodprøvene blir tatt og ultralyd blir utført ved Kvinneklinikken (KK).
- Prøvetaking skjer på kvardagar mellom kl. 8.30 og 11.00
- Første prøve blir tatt i svangerskapsveke 12-14
- Dei neste blodprøvene blir tatt i svangerskapsveke 20-22, 28-30 og 36-38
- Prøve etter fødsel blir tatt innan 12-24 timer (under opphaldet ditt på KK)
- Dei 2 oppfølgingsprøvene blir tatt 2 veker og 8-10 veker etter fødsel
- Lege ved laboratoriet vil treffe deg og registrere helseopplysningar om deg (mellom anna om sjukdom, blodtrykk, vekt og medisiner). Vi spør om kjende risikofaktorar for blødning og blodpropp, og om dette er kjent i familien din
- Vanleg svangerskapskontroll og ultralyd skjer hos jordmor/fastlege som normalt
- Gynekolog informerer om vidare oppfølging dersom sjukdom blir påvist på bakgrunn av undersøkingar i prosjektet
- Nokre prøvesvar vil vere tilgjengelege undervegs, men dei fleste prøvesvara vil først vere tilgjengelege når alle prøvene er tatt (> 12 veker etter fødsel).
- Dersom du ønskjer, kan du få informasjon om dine prøvesvar og ei forklaring på kva desse kan bety for deg
- Du kan når som helst, og utan å oppgje nokon grunn, trekkje deg frå prosjektet, og be om at blodprøvene blir kasta
Kva skjer med informasjonen vi samlar inn?
Data vi samlar inn og informasjonen som vert registrert, blir oppbevart etter eigne retningslinjer og vil ikkje bli brukt til anna enn det som er hensikta med studien. Resultata blir anonymiserte og kan ikkje bli knytt til den enkelte deltakar etter studieslutt.
Alt helsepersonell involvert i Graviclotstudien har teieplikt.
Vil du delta i studien?
Send oss namn og telefonnummer, så tek vi kontakt med deg innan to-tre arbeidsdagar.
Telefon: 55973092
Epost: Margunn Bye Tøsdal: margunn.bye.toesdal@helse-bergen.no
Kor skal eg møte?
Blodprøvetakinga skjer på Kvinneklinikken (KK) ved Haukeland universitetssjukehus. Laboratoriet held til i underetasjen.
Parkering
Det er få parkeringsplassar utanfor KK. Alle som skal til oss bør rekne litt ekstra tid til å finne parkering. Vi håpar at de som har mogelegheit til å parkere andre stader gjer det, slik at dei få parkeringsplassane utanfor KK er ledig for pasientar og pårørande som treng det mest.
Ved oppmøte vil du få utlevert parkeringsbevis, slik at du slepp å betale parkeringsavgifta når du køyrer att.